Prikktest (allergitest) hos barn og ungdom, Ålesund
Ein prikktest kan bidra til å avklare om du er allergisk for ulike stoff. Den kan vise om det blir ein reaksjon i huda når det vert lagt på ulike dråpar som inneheld stoff som folk ofte reagerer på. Eksempelvis egg, mjølk, bjørk og gras.
Før
- Ved prikketest må du ikkje bruke allergimedisinar (antihistaminer) den siste veka før testen. Eksempel på slike medisinar kan vere: Cetirizin, Aerius, Xyzal, Zyrtec, Phenamin og Loratadin.
- Du skal ikkje bruke kortison (mer enn 10 mg prednisolon) 24 timer før testen.
- Unngå bruk av bodylotion på armane på dagen for undersøkinga.
- Du må vere frisk på dagen for undersøkinga, ikkje vere forkjøla, feber eller liknande.
- Dersom du bruker astmamedisinar skal desse brukast som vanleg, også på undersøkingsdagen.
Under
VI testee for fleire allergener samtidig, for eksempel ulike typer pollen, katt, hund, husstøvmidd og muggsopp. Etter 20 minuttar er resultatet klart, og legen vil vurdere resultatet av prøven. Dersom du reagerer på nokon av stoffa kan det bli lest av på huda di ved at det blir litt raud og hovent. Du vil få ein samtale med legen for å få informasjon om videre behandling.
Etter
Eventuelle blemmer, raudheit og kløe frå dei ulike dråpane forsvinn oftast etter 1-2 timar. Dersom det klør mykje kan vi smørje på litt krem som dempar dette.
Ver merksam
I svært sjeldne tilfelle kan det likevel oppstå ein meir alvorleg reaksjon på prikktest. Dette opptrer i så fall under testen og blir handtert av helsepersonell.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Poliklinikk barn og ungdom Ålesund
Oppmøtestad
Barne- og ungdomsavdelinga ligg i eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.Adresse
- I dag 8:00 AM - 4:00 PM
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5