Rehabilitering - Tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskade, Ålesund
Når du reknast som medisinsk stabil etter eit hjerneslag eller annan traumatisk hjerneskade, kan du bli overført til tidlegrehabilitering dersom du fyller inntakskriteria.
Erverva hjerneskade kan vere traumatiske hjerneskadar som følgje av trafikkskade, fallskade, vald med meir, og ikkje-traumatiske skadar som følgje av hjernebløding, forgifting, hjernesvulst, oksygenmangel ved drukningsulykker, kveling med meir.
Hjerneskadar kan vere lette, moderate eller alvorlege, og kan få store konsekvensar for
rehabiliterings- og læringspotensialet. Erverva hjerneskade gjeld alt frå lette skadar som ofte ikkje synes å få merkbare følgjer, til alvorlege hjerneskadar.
Les meir om traumatisk hjerneskadeLes meir om hjerneslag
Tidlegrehabilitering
Vi gir tverrfagleg spesialisert rehabilitering til pasientar med kognitiv dysfunksjon/samansette problem etter erverva hjerneskade. Fokuset for tidlegrehabilitering er å bidra/hjelpe til auka funksjonsnivå, eigenomsorg og moglegheit for deltaking i tidlegare aktivitetar.
Kvar enkelt søknad om rehabiliteringsopphald blir vurdert ut i frå kva nytte ein forventar at det tverrfaglege rehabiliteringstibodet kan gi.
Tilvising og vurdering
Akuttsjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise deg til rehabilitering. Tilvisinga skal innehalde områdene i sjekklista under.
Søknadar om spesialisert rehabilitering skal sendast til sekretariatet for Felles Inntaksnemnd ved Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund:
Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
Felles inntaksnemnd
6026 Ålesund
Før
Når du er medisinsk stabil og klar for rehabilitering rett etter akuttfasen, vurderer vi fortløpande tidspunkt for overflytting. Dette gjer vi i tett dialog med avdelinga som tilviser deg.
Under
Behandling og opplæring blir gjennomført i trygge og tilrettelagte omgivnader. Målet er å auke dei ferdigheitene som trengs for at du skal bli mest mogleg sjølvhjelpt, at du skal bli mest mogleg uavhengig og sett i stand til å meistre ditt eige liv. Lengda på tidlegrehabiliteringsopphald varierer, men er vanlegvis ikkje lenger enn 3 månader.
Ved innlegging møter du det tverrfaglege teamet som skal støtte deg i rehabiliteringsprosessen. Det blir gjennomført ei kartlegging av helsetilstanden din, og saman med deg og evt dine pårørande blir det sett mål for opphaldet og vi lagar ein ein rehabilteringsringsplan.
Du har eiga primærkontakt under opphaldet. Denne har eit spesielt ansvar for å koordinere det som skjer medan du er innlagt.
I tidligrehabiliteringa tilstreber vi ein balanse mellom å hjelpe deg med å dekke grunnleggande behov, og hjelpe deg med å bli mest mogleg sjølvhjelpt. Derfor vil mange daglegdagse oppgåver som for eksempel personleg stell og matlaging vere ein viktig del av treninga.
Ein del av den tverrfaglege oppfølginga vil også vere å sikre deg rette hjelpemiddel, tilpassing av heimen din og hjelpe deg med å søke på aktuelle stønader. Vi tar tidleg kontakt med heimkommunen din for å planlegge både permisjonar og utskrivning. Dette er viktig, sidan du kan ha behov for hjelp frå heimetenesta når du kjem heim.
Medverknad står sentralt i rehabiliteringa og vi baserere tenestene våre på samhandling mellom deg spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Vi gjennomfører ei sluttkartlegging når opphaldet nærmar seg slutten, og vi sender ein tverrfagleg rapport til dei samarbeidspartane som du og vi blir eininge om. Fastlegen får eigen rapport i tillegg.
Når du blir utskriven vurderer vi om du skal ha vidare oppfølging av vår avdeling.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Fysikalsk medisin og rehabilitering sengepost
Ventetid: Ikke oppdatert
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Fysikalsk medisin og rehabilitering sengepostOppmøtestad
Vi held til i 3. etg i lågblokka.Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5