Diagnose
Sjøgrens syndrom
Sjøgrens syndrom (SS) er ein kronisk revmatisk sjukdom dominert av autoimmun betennelse i tåre- og spyttkjertlar gjer redusert kjertelfunksjon og dermed tørre auge og munn.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om Sjøgrens syndrom kan fastlege tilvise til revmatologisk poliklinikk. Revmatolog vurderer tilvisingane ut i frå nasjonal prioriteringsrettleiar om du har behov for vurdering i spesialisthelsetenesta, i så fall får du vanlegvis time til utgreiing innan 12 veker.
Utgreiing
I utgreiinga gjer vi først ein måling av spytt- og tåreproduksjon, og tek blodprøvar. Du får informasjon om dette på førehand. Videre utgreiing er avhengig av opplysningane i tilvisninga, og resultat av spytt- og tåremålingane. I nokre tilfelle får du time hos sjukepleiar, og nokre ganger hos lege. Legen vil undersøke deg og oppsummere tidlegare sjukehistorie.
Det er viktig at du tar med oversikt over medikamenta du bruker til utgreiinga. Ta også med informasjon om bruk av alternativ medisin.
Hvis du ikkje har SSA-antistoff, er det ikkje sannsynleg at Sjøgrens syndrom er årsaka til plagene med tørrleik. Men i nokre sjeldne tilfelle er det eit sterkt ønske om endeleg avklaring, og da er det aktuelt å ta ein spyttkjertelbiopsi i tillegg.
Behandling
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Dersom diagnosen Sjøgrens syndrom blir stilt, vil du få informasjon om diagnosen på sjukehuset. Nokre sjukehus har tilbod om kurs der du vil få meir innsikt i sjukdomsutviklinga og kva du kan gjere for å redusere plagane sjukdommen gir.
Det er vanlegvis ikkje behov for regelmessige kontrollar på sjukehus eller hos fastlegen din ved Sjøgrens syndrom, med mindre det er tekn til svært overaktivt immunforsvar, for eksempel i form av forhøya sekningsreaksjon eller ved tekn til påverknad av indre organ.
Ver merksam
Ta kontakt med fastlegen dersom du får følgande symptom/plager:
- feber, nattesvette, og/eller uforklarleg vekttap.
- Leddhevelse eller forstørra spyttkjertler eller lymfeknuter i fleire veker.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Revmatologisk poliklinikk
Oppmøtestad
Den gamle poliklinikkinngangen er no stengt pga ombygging. Bruk hovudinngangen på sørsida og gå tvers gjennom sjukehuset. Du finn oss i enden forbi skyvedørene.
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- Sjøgrens syndrom - ÅlesundRevmatologi. Kurset er spesielt tilrettelagt for deg som har nokså nyoppdaga sjukdom, i løpet av dei siste åra. Pårørande er velkomne til å delta.Sjøgrens syndrom - Ålesund17.mars20252 dagar