We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Barn som pårørande - Føretakskoordinator

Helseføretaket har ein føretakskoordinator for born som er pårørande. Føretakskoordinator har eit overordna ansvar for å koordinere arbeidet i sitt helseføretak.

Graphical user interface

Kontaktinformasjon

​​Føretakskoordinator for barn som pårørande i Helse Møre og Romsdal:

Eirin Liadal
Kommunikasjons- og samhandlingsavdelinga

E-post: eirin.m.furseth.liadal@helse-mr.no​
Telefon: ​​ +47 48 28 16 03
Kontorstad: Volda sjukehus (Kløvertun)

Føretakskoordinator barn som pårørande er overordna organisert i helseføretaket og rapporterer til leiinga.

Nokre av arbeidsoppgåvene til føretakskoordinator for barn som pårørande:

  • Er bindeledd mellom leiing, barneansvarlege og helsepersonell
  • Skal koordinere, gi råd og tilrettelegge for barneansvarlig helsepersonell
  • Er rådgivar for arbeidet med barn som pårørende ​i verksemda
  • Leiar i ressursgruppa "Barn som pårørande" som består av representantar frå ulike faggrupper
  • Rapporterer jamnleg til styringsgruppe som består av klinikkleiinga
  • Organiserer samlingar (nettverksmøte) for barneansvarlege med undervisning og tilrettelegging
  • Utviklar oversikter over tiltak og hjelpeinstansar
  • Samhandlar med eksterne instanser, som kommunar og fylkesmann
  • Har ansvar for overordna prosedyre og innhald på nettsider vedrørande tema


Lenke til utfyllande informasjon om barn som pårørande i Helse Møre og Romsdal

Du kan også ta kontakt med aktuell avdeling dersom du har spørsmål som gjeld barn som pårørande. Spør etter barneansvarleg eller anna helsepersonell for å få meir informasjon. 

Alle klinikkar/ avdelingar /seksjonar skal ha ein til to barneansvarlege. Ta kontakt med føretakskoordinator for barn som pårørande Eirin Liadal, for å få vite kven som er aktuell barneansvarleg ved di avdeling/seksjon. 

Ansvaret til barneansvarlege: 

  • Koordinere og fremme arbeidet i eiga eining
  • Sjå til at avdelinga er lagt til rette for å ta imot born
  • Informere og rettleie kollegaer uten å overta ansvarsoppgåvene
  • Ha oversikt over tiltak og hjelpeinstansar
  • Ha god kunnskap om born som pårørande sin situasjon og behov
  • Informasjon og oppfølging av born som pårørande er i første rekke foreldre sitt ansvar. Helsepersonell har plikt til å bidra til å dekke behovet for informasjon og oppfølging viss nødvendig
  • Ha gjennomgått e-læringsprogrammet «Barn som pårørende» kvart 3 år
  • Nye barneansvarlige må ta e-læringsprogrammet innan 3 månedar


Last updated 4/25/2024