Simulering
Simulering gjer at helsepersonell kan trene på realistiske pasientsituasjonar i verkelege omgjevnadar, og kan vere alt frå ferdigheitstrening til fullskalasimulering. For å styrke auka fagleg kompetanse og betre pasienttryggleiken satsar HMR på simulering som pedagogisk verkty. Prosess In situ Teamsimulering med ansatte og studenter NTNU/HMR - Hovedside (helse-mr.no)
Eit viktig mål med simuleringsarbeidet er å trene på realistiske pasientsituasjonar og på denne måten styrke utdanning og kompetansebygging for helsepersonell. Som ein konsekvens av dette aukar også pasienttryggleiken. I tillegg bidreg standardisert simulering til å bygge kompetanse på tvers av fagområda. I fleire scenarier vil ein til dømes trene i eit tverrprofesjonelle team.
Simulering er ein viktig del av læringssløyfa for spesialisert helsepersonell. I fjor høst blei det gjennomført eit pilotprosjekt, kjend som SimiLis, med simulering på alle sjukehusa.
Kvart sjukehus vil har ein VirtSim-koordinator, som vil jobbe tett opp mot teamleiar for VirtSim, Elisabeth Forberg. Desse fire er:
- Volda sjukehus: intensivsjukepleiar Bodil Helle
- Ålesund sjukehus: anestesisjukepleiar Trine Larsen
- Molde sjukehus: intensivsjukepleiar Bjørn Ove Hagset (akuttmottak)
- Kristiansund sjukehus: intensivsjukepleiar Stine Sagli

Nyheiter om simulering
- 21. November 2023Studentar i praksis får teste simulering
Sjukepleiestudentane ved NTNU har allereie fått ein smakebit av simulering som ein integrert del av utdanninga. No får dei prøve seg når dei har praksis i spesialisthelsetenesta
- 13. September 2023Nye LIS1 og sjukepleiarar øver saman
Uansett om du er nyutdanna eller har erfaring, er simuleringstrening med på å styrke teamarbeidet og bidreg til at samarbeidet fungerer godt når det blir alvor.