Entreprenørar
Byggeprosjekta ved Ålesund sjukehus er inndelt i fleire kontrakter med ulike entreprenørar. Prosjekta er nytt AIO-bygg, ny hovudinngang og adkomstområde, samt universell tilkomst via eit parkeringshus.
AIO-bygget (akutt, intensiv og operasjon)
Entreprenøren HENT er totalleverandør for AIO-bygget. Kontrakta med HENT er ein totalentreprise med integrert samhandling som omfattar forprosjekt med opsjon på sjølve byggearbeida.
Hovudinngang
Det er entreprenøren Peab K. Nordang som bygger ny hovudinngang ved Ålesund sjukehus. Kontrakta som er inngått omfattar nytt inngangsparti og ny ventesone ved dagens poliklinikk inngang i nordenden av sjukehuset. I tillegg til ombygging av kirurgisk poliklinikk og oppussing av korridorer.
Nytt adkomstområde
Aurstad Tunnel AS har fått kontrakt for ny hovudadkomst. Den nye hovudadkomsten skal kome på nordsida av sjukehuset og skal binde saman det nye kollektivpunktet på Borgundvegen med Ålesund sjukehus via eit nytt parkeringshus.
Parkeringshus
Sunnmøre Parkering finansierer, oppfører, eiger og drifter det nye parkeringshuset som blir ein del av tilkomsten til sjukehuset. Det er entreprenøren Veidekke som står for utbygginga.