We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Om AIO-prosjektet

Ålesund sjukehus stod ferdig i 1971 og har eit stort behov for oppgradering, auke av kapasiteten og tilpasning til nye driftsformer i form av ei effektiv, bærekraftig, sikker og pasientvennleg virksomheit. Helseforetaket har gjort ei storstilt oppgradering av straumnettet og datanettet slik at den grunnleggande strukturen no er på plass for å modernisere sjukehuset. Det som står igjen er funksjonelle oppgraderingar for at helseforetaket skal kunne levere på sine forpliktingar.

A large building with many windows

Illustrasjon: Nordic Office of Architecture

Illustrasjon av det nye tilbygget som skal innehalde akuttmottak, intensiv, operasjon og sterilsentral.



AIO-prosjektet (akutt, intensiv og operasjon) omhandlar ei rekkje utbyggingar ved Ålesund sjukehus. Hovudprosjektet er eit tilbygg i fire etasjar vest for sjukehuset på over 5.000 kvm som skal innehalde akuttmottak, intensivavdeling og post operasjon, og operasjon, samt sterilsentral. Planlagt ferdigstillelse er i 2026/27.

I tillegg skal ein bygge ny hovudinngang mot nord med ny adkomst frå busslomme Borgundvegen via eit nytt parkeringshus.

 

Prosjektet består av følgjande delprosjekt:
1. Tilbygg over fire etasjer, med grunnflate på nærmere 1700 kvm, som vil innehalde operasjonsavdeling med 9 moderne operasjonsstuer, intensiv/overvåkning og postoperativ, akuttmottak og sterilsentral. Plan om ferdigstilling i starten av 2027.Tiltaket skjer ved eit nytt bygg vest for lavblokka ved sjukehuset.

I tilstøtende arealer, i eksisterende bygningsmasse, blir det etablert Akutt24/kortidspost. I korttidsposten vil man behandle pasienter med forventet kort liggetid. Disse pasientene ligger i dag på sengepost, og man forventer raskere forløp og kortere oppholdstid etter innføring av korttidsposten.

Føde/barsel er planlagt flyttet fra høyblokka til lavblokka for å skape nærhet mellom fødeavdelingen og operasjonsavdelingen, ved eksempelvis situasjoner som krever akutte keisersnitt.


2. Etablering av ny hovudadkomst frå nord og ny hovudinngang i nord. Tiltaket inneber universell utforma adkomst frå busslomme nord for sjukehuset via eit parkeringshus, og påbygg på nordsida av sjukehuset ved inngangen til Sykehusapoteket. Plan om ferdigstilling hausten 2024.  Parkeringshuset blir bygd i regi av Sunnmøre Parkering og skal stå ferdig i slutten av 2025.

3. Etablere eit nukleærmedisinsk senter med PET/CT og oppgradering av ventilasjon (ikkje vedtatte prosjekt).

- Akuttmottak, intensiv og operasjon i samme raske og skjermede akuttakse

- Akutt24 (korttidspost ) reduserer det totale behovet for døgnplassar

- God fleksibilitet mellom akuttmottak og korttidspost, og mellom intensiv, tung overvåkning (intermediær) og postoperativ, legg til rette for god driftseffektivitet

- Sjukehusets mest kritiske funksjonar blir oppgradert til tidsriktig standard

- Sjukehusets front legg til rette for meir kollektivbruk og universell adkomst

- Oppgradert teknisk infrastruktur

- Tilsaman er det planlagt nybygg på omlag 7.000 kvm
- I tillegg blir det ein del ombyggingar i eksisterande bygningsmasse

- Vedtatt kostnadsramme for prosjekta (P85) er 1 289 MNOK (januar 2024 kroner) som inkluderer ny hovudinngang og adkomstområde.

- Berekraftanalysen viser at prosjektet kan gjennomførast innafor HMR sine økonomiske rammer.

- AIO-hovudprosjektet er finansiert gjennom 70% lån frå HOD, og 30% egenkapital generert gjennom positive resultater frå tidligare år.

- For å kunne løyse ut delprosjekta etablering nukleærmedisinsk senter og oppgradering ventilasjon er ein avhengig av å gjennomføre AIO-bygget med tilhørande ombyggingar, samt ny hovudinngang og adkomstområde til ein lavere kostnad enn P85.

 

Last updated 7/9/2024