We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Organisering og ansvar

Styret i Helse Møre og Romsdal har det overordna ansvaret og er prosjekteigar. Administrerande direktør har utnemnt eit prosjektstyre for AIO-prosjektet med følgeprosjekt.

Diagram
Organisering av prosjektet

 
Prosjektstyret er eit internt arbeidsorgan for administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, i gjennomføringa av AIO-prosjektet. Det er såleis ikkje eit føretaksstyre.


Heidi Nilsen    
Leiar av prosjektstyret
Adm. dir. HMR HF
 
Mona Agaard-Nilsen
Styremedlem 
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
 
Vegard Storvik
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
 
Torstein Hole
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
 
Lars Magnussen
Styremedlem
Utnemnt av adm. dir. HMR HF
 
Even Einarsson Bakøy
Styremedlem
Utpeika av tilsette i HMR HF
 

 
Knut Ragnar Heimdal er prosjektdirektør for AIO-prosjektet og har det overordna ansvaret for leiinga av utbyggingsprosjektet. Heimdal har solid leiarerfaring frå store og komplekse prosjekt som St. Olavs hospital i Trondheim og Nytt Nasjonalmuseum i Oslo. 
  
Prosjektsjef i Helse Møre og Romsdal er Ketil Landevåg Gaupset. Gaupset utgjer saman med Heimdal leiarduoen  som har det daglege ansvaret for utviklinga og planlegginga av byggeprosjekta ved Ålesund sjukehus. Gaupset har åtte år bak seg som klinikksjef i føretaket og kom frå stillinga som klinikksjef for klinikk for psykisk helse og rus.
 
 
 
 
 
 


Sykehusbygg HF har gjennomføringsansvaret for planlegging og bygging av byggeprosjekta knytt til AIO frå og med forprosjektfasen. Sykehusbygg HF er eit nasjonalt føretak for sjukehusbygging.





 

Last updated 7/9/2024