We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Brukarinvolvering

Vi er avhengig av at pasientar og brukarar deltar i utforminga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal for å få eit godt sluttresultat


Pasientar og pårørande skal vere ein viktig drivkraft for fornying og forbetring i helsetenesta og Helse Møre og Romsdal har sidan konseptfasen hatt eit eige brukarutval for prosjektet.

Brukarutvalet består av 6-8 representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Fleire av representantane er også medlem i Helse Møre og Romsdal sitt brukarutval. Det blir gjennomført jamlege møte med utvalet der prosjektsjef og prosjektleiarar for medverking i HMR orientering om status og framdrifta i prosjektet, og der brukarrepresentantane kan komme med innspel og forslag til løysingar i aktuelle saker. 

Brukarutvalet for SNR

Frå venstre: Atle Tangen (FFO/LHL), Palma Hånes (Pensjonistforbundet), Steinar Waksvik (FFO og leiar av brukarutvalet), Oddrun Nasvik (FFO), Anne Grete Mogstad (FFO/NRF), Ingrid Løset (FFO/Mental Helse), Anne Helene Skare (Kreftforeninga). Anton Iversen lengst til høgre på bilete deltek i utvida brukarutvalet og representerer Sykehusapoteket Midt Norge

Brukarutvalet har ansvar for å koordinere brukarrepresentantane, drøfte felles problemstillingar på tvers av organisasjonar og arbeidet i planleggingsgrupper, for å få ei best mogleg planlegging av SNR. 

Kommunal medverking i prosjektet

God og likverdig samhandling mellom føretaket og kommunane er ein føresetnad for å lukkast med utviklinga av det nye sjukehustilbodet for Nordmøre og Romsdal og for å sikre eit godt heilskapleg pasienttilbod til befolkninga.

Kommunal medverking i prosjektet har vore løyst gjennom regionråda Nordmøre Interkommunalt Politiske Råd (IPR) og Romsdal Regionråd (ROR). 

I desember 2018 starta Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og dei andre Nordmørskommunane eit felles prosjekt for å utvikle DMS-innhaldet i Kristiansund.

Les meir om DMS-prosjektet her

Helse Møre og Romsdal har også samarbeidsmøte med kommunane gjennom ulike arenaer knytt til Helsefellesskap Møre og Romsdal. 

Les meir om korleis samhandlinga mellom HMR og kommunane er organisert her​

Last updated 5/27/2022