
Ungdomsrådet
Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal som er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal.
Vi skal vere med å forbetre kvardagen, opplevinga og tilbodet til ungdom i Helse Møre og Romsdal
- Medlemmane er frå 13-26 år
- Fire helger med samling der to av dei er fysisk og to digital
- Vi har det veldig gøy i lag og speler spel på kveldane
- Godkjent fråver frå skule og jobb
- Vi får jobbe med saker vi synest er viktige
- Vi får løn for å delta på møte
- Vi er alle forskjellige, nokon lyttar mykje, medan andre snakkar mykje
- Alt blir tilpassa din situasjon
Dersom du som bur i Møre og Romsdal har innspel som vi kan ta med i arbeidet for ungdommar på sjukehusa, ta kontakt!


Julie Ramstad
Nestleiar i Ungdomsrådet
- Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal
- Dette er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal
- Medlemmane skal ha personleg erfaring med sjukehus og helsetenesta generelt
- Medlemmane må vere villige til å dele erfaringar og må ha eit ønske om å bidra til forbetring av tenestene
- Ungdomsrådet skal ha tett samarbeid med leiinga i føretaket
- Referat frå ungdomsrådet sine møte vil ligge fast som referatsak på styremøta i Helse Møre og Romsdal og møta i brukarutvalet
- Leiar eller representant frå ungdomsrådet deltek på brukarutvalet sine møte der det er naturleg på sak
Møtereferat og styrande dokument finn du her
- Møte med DPS-ane (distriktpsykiatriske senter)
- Prosedyre om overgang frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling (både for somatikk og psykisk helsevern)
- Roll-ups for å nå ut i sjukehusa med informasjon om ungdomsrådet
- Trivselssjukepleiar Kristiansund
- Heilt sjef - kurstilbod
- Instagram
Ungdomsrådet er faste deltakarar i desse fora:
- Barn som pårørande, styringsgruppe
- Kvalitet i institusjonsbehandling i psykisk helsevern (KvIP)
- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)
- Helseplattformen
- HMR Nær
- I prosjekt med fokus på barn/ungdom
- Når de treng råd om korleis hjelpe/møte ungdommar
- I arbeidet med handlingsplanar/EQS-prosedyrar og andre styrende dokument som inkluderer ungdommar
- Vi kan korrigere vanskeleg språk/tilpasse til ungdommar
- I utforming av areal
Spør oss dersom du er usikker på om det de held på med er relevant for oss! Det er betre enn at vi ikkje får moglegheit til å vere med.


Julie Ramstad
Nestleiar i Ungdomsrådet

Andrine Mogstad
Medlem i Ungdomsrådet

Victoria Talstad
Medlem i Ungdomsrådet

Malin Strømsholm Riise
Medlem i Ungdomsrådet
Victoria Aklestad
Medlem i Ungdomsrådet
- Eg ønsker at informasjon om diagnosen Hidradenitis Suppurativa og andre hudsjukdommar skal bli betre kjent og at ungdom med desse lidingane skal få god hjelp frå starten av. I tillegg synest eg det er viktig at alle barn og ungdommar får vete kva rettar dei har, på ein forståleg måte
Kristine - Eg synest arbeidet vi driv med er interessant og spennande, og eg vil utgjere ein forskjell
Gerda Marie - Eg ønsker å vere ei stemme for dei unge, slik at kvardagen på sjukehusa forhåpentlegvis blir litt betreAndrine
- Eg vil bli med på å få til ei endring der det trengs, og sikre at ungdommar får ei god oppleving i helsetenesteneJulie
- Eg er med for at ungdommar med sjukdom skal bli behandla slik dei fortener, og god samhandling mellom sjukdom og utdanningMalin
- Eg er med for å forbetre overgangen frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdelingVictoria S
Nyheiter om ungdomsrådet
Last updated 6/29/2023