Høge utlånstal for Fagbiblioteket i HMR
- 2020 har vore eit utfordrande år for å kunne gje gode bibliotektenester til dei tilsette i HMR, fortel fagbibliotekar Eva M. N. Lundanes:
-Med største del av boksamlinga plassert i Molde og bibliotekaren plassert i Ålesund vart dette ekstra tungvint p.g.a reiserestriksjonane. Men med gode hjelparar har vi fått sendt litteraturen mellom sjukehusa. Tilgangen til å låne fagbøker frå andre bibliotek vart også vanskeleg på grunn av nedstengingar i universitets- og høgskulesektoren p.g.a. pandemien. Men dette til trass, så vart utlånstala (bøker og artiklar) høgare i 2020 enn året før. Og tilgangen til dei e-bøkene vi har var svært viktig dette året og mykje nytta.
Hos Fagbiblioteket i Helse Møre og Romsdal kan du få hjelp til å låne bøker og få tilgang til fulltekstartiklar. Bibliotekar Eva M. N. Lundanes rettleier deg gjerne i litteratur- og artikkelsøk, gir hjelp til litteratursøking ved utarbeiding av fagprosedyrer, gir støtte og rettleiing i referansearbeid og EndNote eller andre elektroniske ressursar. Dei tilsette kjøper inn og organiserer abonnement på tidsskrift, enten i papirformat, men mest ved elektronisk tilgang. HMR har avtale om tilgang til ClinicalKey frå Elsevier. Fagbibliotekar held kurs i litteratursøking og i EndNote, og informerer ved besøk på avdelingar og seksjonar. Bibliotekar registrerer og kontrollerer publikasjonar til NVI-rapportering i Cristin-databasen, og registrerer og administrerer forskarprofilar i Cristin.
Fagbiblioteket i Kristiansund vart nedlagt i april 2020 då bibliotekansvarleg der gjekk av med pensjon.