Satsar vidare på utdanning av spesialsjukepleiarar
Helse Møre og Romsdal treng fleire spesialsjukepleiarar innan anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie (AIO), og sidan 2016 har det i føretaket årleg blitt tildelt utdanningsstillingar innan desse spesialitetane. Til no har 123 sjukepleiarar fått ei slik stilling, omkring halvparten av innan intensiv, medan resten er fordelt mellom anestesi og operasjon, og det er tildelt utdanningsstillingar ved alle sjukehusa i føretaket.
Hensikta med den storstilte satsinga på AIO er å auke andelen spesialsjukepleiarar som kan ivareta akutt og/eller kritisk sjuke pasientar i ein kompleks, uforutsigbar, og stadig skiftande kvardag.
AIO-studentane har sin studiekvardag knytt til NTNU Ålesund, og som førelesarar for desse er det blant anna rekruttert ein rekke dyktige tilsette i føretaket.
- Samarbeid med universitet og høgskulesektoren er eit viktig moment i vår strategi og handlingsplan. Vår fagutvikling, og den kvaliteten vi kan tilby på pasientbehandlinga er i stor grad avhengig av eit solid samarbeid med utdanningsinstitusjonane, seier utdanningssjef i HMR, Guro Berge.
Utdanningssjefen håper at den nyoppretta utdanningsseksjonen som ho leier vil kunne bli meir sentral i dette arbeidet i tida som kjem.
-Det er eit mål å skape solide fagmiljø i føretaket, og sikre at pasientbehandling er kunnskapsbasert, og her vil dei nyutdanna sjukepleiarane innan AIO spele ei viktig rolle, forklarar ho vidare.
Sist oppdatert 04.08.2023