Svømmedyktig i eit hav av moglegheiter
Er dagens profesjonsutdanningar relevante nok for arbeidslivet? 8. desember vart Utdanningswebinaret arrangert med aktuelle tema innanfor området "overgang frå student til praksis"
Å få til ein smidig overgang frå student til arbeidstakar er nødvendig. Er dagens profesjonsutdanninger relevante for arbeidslivet var eit spørsmåla som vart stilt på Utdanningswebinaret 2020. Føredragshaldarane gjorde dagen innhaldsrik, lærerik og variert. Deltakarane fekk eit program pakka med inspirasjon for å vidareføre rolla som rettleiar og utdannar. Konferansier var Fredrik Steen som losa deltakarane gjennom dagen.
Utdanningskonferansen vert arrangert annakvart år og helseføretak og universitet/høgskular i regionen rullerer på å arrangere, i 2020 var det Helse Møre og Romsdal saman med Høgskulen i Volda, NTNU (Ålesund) og Høyskolen i Molde som hadde ansvar for arrangementet.
Då Norge stengte ned i mars måtte den planlagde konferansen avlysast. På tampen av 2020 vart det i staden arrangert eit digitalt webinar.
Føreragshaldarar og komitèen, leia av Utdanningssjef i HMR; Guro Berge var samla ved NTNU Ålesund og programmet vart strauma derifrå.
-Vi er svært nøgde med påmelding og oppmøte på webinaret som vart gjennomført 8. desember. Det var ca 140 påmeldte til utdanningswebinaret. I tillegg til dei påmelde deltakarane som logga seg på, veit vi at fleire deltakarar sat saman - dette gjer at det var fleire enn det registrerte talet som deltok, seier utdanningssjef og leiar for komitèen Guro Berge.
På programmet
I første del av webinaret stilte både nyutdanna, arbeidsgjevar og utdanningsinstitusjon for å gje sine perspektiv til spørsmålet: Kva er diagnosa?
Utfordringar som nyutdanna profesjonsutøvar
Sjukepleiar Andreas Foss Follesø (Helse Møre og Romsdal) og barnevernspedag Elise Karoline Iversen Frostad (Barneverntenesta) - deler sine erfaringar som nyutdanna
Frå student til profesjonell – praksissjokk?
Professor Kåre Heggen, Høgskolen i Volda
Eit yrkesfelt som i praksis møter nyutdanna som om dei er «ferdigvare», kan bidra til at overgangen mellom utdanning og arbeid vanskeliggjerast. Når praksissjokket drøftast, er det derfor vesentleg å rette søkelyset både mot den kvalifiseringa som føregår i utdanninga og i yrkesfeltet
God og relevant praksis: Tips og råd på veien
Seniorrådgjevar Stein Erik Lid, NOKUT
Overordna funn frå NOKUTs praksisprosjekt blir presentert
Hvordan kan praksisveiledning styrke overgangen fra student til yrkesutøver?
Universitetslektor Bente Skagøy, NTNU
Bente Schei Skagøy har gjennomført ein pilotstudie med bruk av Styrket veiledning i praksis (SVIP) – en modell for praksisveiledning som sett søkelyset på veilederens kompetanse.
Hvordan kan opplæring av nyutdannede styrke overgangen fra student til yrkesutøver?
Ass. seksjonsleder Ingvill Hareide Rødal, Helse Møre og Romsdal
Assisterende seksjonsleiar og barnesjukepleiar Ingvill Hareide Rødal er opptatt av å gi nyansatte eit godt fagleg grunnlag i møte med born og ungdom som pasientar og deira pårørande, og seier det er lov å være ny i jobben.
Hvordan kan formell lederkompetanse i helse- og sosialfag redusere gapet mellom utdanning og praksis?
Professor Turid Aarseth, Høgskolen i Molde
Skal vi slutte å møtes? Muligheter ved digitale løsninger
Førsteamanuensis i sosialfag Bente Hasle, Høgskulen i Volda
Viktige erfaringar frå eit heildigitalt undervisningsopplegg i tverrprofesjonelt samarbeid i regi av UH-nett Vest, kan bidra til kunnskap om utfordringar, men også om moglegheiter når studentar og praksisfeltet ikkje har høve til å møtast fysisk
Skal vi slutte å møtes? Muligheter ved digitale løsninger, Bente Hasle, HiV