Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Økonomi forsking 2021


Forsking og innovasjon har rammeoverføring frå Helse Midt-Norge RHF. Bruken av rammeoverføringa avspeglar Helse Møre og Romsdal (HMR) sin total økonomiske situasjon gjennom ei rekkje år (sjå fig.1). I 2020 vart det frå adm.dir og styre laga ein plan for rammeoverføringane til forsking. Slik skal ein over tid ( 5 år) kunne budsjettere tilsvarande ramme.*

Økonomi - fig 1 WEB.png

Figur 1

Budsjett og resultat 2021 viser ein tilfredstillande kontroll på kostnadar. Figur 1 syner ei ramme på 28.6 millionar, med eit resultat på 22. 3 millionar, eit meirforbruk på 0.09 millionar.

Økonomi - fig 2 WEB.png

Figur 2

Figur 2 avspeglar det vi kan kallar frieforskingsmidlar – budsjett vel 13 millionar, eit meirforbruk 0.27 millionar. Ein ser og i figur 2 differensiering i ulike postar, som viser detaljer om forbruk. Meirforbruket er knytt til gjennomføringar av forskarutdanning og forskingsstøtte i klinikk. 

Økonomi - fig 3 WEb.png

Figur 3

I figur 3 ser ein dei administrative kostnadar budsjettert kring 5.6 millionar, resultat 5.1 millionar. I tillegg som ikkje er vist i figurane kjem drift av klinisk forskingspost biobank1 HMR, om lag 4 millionar. Resultat 22.3 millionar 2021.

Generelt er det viktig å vere klar over at all forsking som skjer i HMR blir gjennomført av personell som har ein klinisk hovudstilling – det gjer vår forsking sårbar då kliniske miljø ikkje enno er robuste nok til å takle det kombinerte krav om klinisk og forsking aktivitet. Våre forskarar er få, vår kliniske forskingsstøtte er underutvikla. Likevel vil eg som forskingssjef​ seie at forskarane i klinikkane klarer å gjennomføre svært god forsking på tross av utfordringar i kvardagen, eksemplifisert med dei tal vi syner i forskingsmeldinga kring kliniske behandlingsstudiar, publikasjonar, phd-studentar og disputasar. Det er all grunn til å gje personell honnør for det arbeidet dei gjer som kjem pasienten, avdelinga og Helse Møre og Romsdal til gode. 

I komande utviklingsplan vil fokus på samarbeid og teametablering og tydeleg utvikling av den kliniske forskingstøtte vere virkemiddel for å legge til rette for at forskarkompetansen vert brukt i klinikk, nær pasienten. Dette gjer det også særs viktig at dei økonomiske rammer og den plan ein la i 2020 vert tatt i vare. 

Det er viktig at HMR forsking har ein robust økonomi for slik å kunne planlegge lengre enn eit år om gongen -  for forskingsprosjekt har lengre perspektiv, progresjonen i forskingsprosjekta har variablar som er vanskeleg å kontrollere når klinikk og forsking er vevd saman slik den er i HMR. ​

Dag Arne Lihaug Hoff, Forskingssjef

*Ref. sak 60/20 fra styremøte 19.08.2020; Langtidsbudsjettet 2021-2031 (PDF)​

Sist oppdatert 26.04.2022