Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Utdanningsstillingar

Klinikkane meldte i 2023 inn eit behov for i overkant av 70 stillingar. Det blei fordelt 56 stillingar totalt, mesteparten innan intensiv.

Rekordhøgttal for utdanningsstillingar i Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal hadde i 2023 eit oppdrag om å auke talet på utdanningsstillingar for sjukepleiarar innan anestesi-, barn-, intensiv-, operasjon,- og kreftsjukepleie (ABIOK), samt jordmødrer, samanlikna med 2022. Det skulle i den samanheng planleggast for 62 nye utdanningsstillingar.

I føretaket er det ei arbeidsgruppe for utdanningsstillingar som tek hand om prosessen frå det innhentas ei behovsoversikt for utdanningsstillingar i klinikk, til utlysning, og som støttar klinikk i det vidare rekrutteringsarbeidet. Klinikkane meldte i 2023 inn eit behov for i overkant av 70 stillingar fordelt på dei ulike spesialitetane.

Arbeidsgruppa for utdanningsstillingar består av personell frå klinikkane, HR-avdelinga og fag-avdelinga. Tilsetting gjerast av dei aktuelle seksjonsleiarane, og dei som får tilslag på stillingane får 90% lønn gjennom 1,5 år, samt 2 års bindingstid i etterkant av utdanninga.

Totalt blei det fordelt 56 stillingar, flest innan intensiv, sjå tabell under. Føretaket innfridde dermed oppdraget om å auke tall på stillingar, men det var ikkje nok kvalifiserte søkjarar til å fylle 62 stillingar. Studentane som fekk utdanningsstillingar tek i hovudsak utdanninga si ved NTNU Ålesund, men andre studiestader er også aktuelle.

Tabell

 

Ved NTNU var det for studieåret 2023/2024 krav om berre eit års yrkeserfaring for opptak. HMR reduserte dermed krav om yrkeserfaring frå to til eit år også for utdanningsstillingane. Dette for å kunne gjere ei evaluering av opptaksendringa. År med yrkeserfaring blei kartlagt etter studiestart og dei aller fleste studentane hadde likevel meir enn to år. For 2024/2025 er kravet om yrkeserfaring fjerna for alle studieretningar med unntak av for anestesi. For utdanningsstillingane i heile Helse-Midt Norge er kravet tilbake til to år.

Studentane som begynte på utdanninga si i 2023 skal over i bindingstida si frå jul i 2024, og dei som vil kan, etter avtale med nærmaste leiar, ta masterdelen av utdanninga på deltid over eit år. Dette er stadfesta i ei ny rutine i regionen, og det skal avsettast tid til dette i turnus og bindingstida blir ikkje forlenga. Det jobbast no med å skaffe oversikt over klinisk relevante tema for masteroppgåver, som eit bidrag inn i arbeidet med å bygge gode og robuste fagmiljø både i utdanningsinstitusjonane og i føretaket.

Tilbake til Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Sist oppdatert 08.04.2024