Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ikon

Årsmelding 2023: forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Nasjonal fagevaluering av forsking

Helse Møre og Romsdal deltek i den nasjonale fagevalueringa av medisinsk og helsefagleg forsking i regi av Forskningsrådet (EVALMEDHELSE 2022-2024).

Hovudmålet med fagevalueringa er å vurdere kvalitet, relevans og rammekrav for forsking innan medisin og helsefag i Noreg. Evalueringa skal resultere i anbefalingar til institusjonane som deltek i evalueringa, til Forskningsrådet og departementa.

Helse Møre og Romsdal er ein av 69 forskingsinstitusjonar som deltek i EVALMEDHELSE. Vi har meldt oss på med åtte forskingsgrupper – av desse var to grupper etablert i 2023, medan seks er meir laust samansette tematiske grupper. Kvar av gruppene leverte ein omfattande eigenvurdering av forskinga si gjennom dei siste åra, samstundes som at helseføretaket leverte ei samla vurdering.

Gå til samlesida her (kun på engelsk).

Sist oppdatert 02.04.2024