Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Lærlingar i helsefagarbeidet

Helse Møre og Romsdal samarbeider med dei kommunale opplæringskontora for å rekruttere elever som tar læretida si i sjukehusa våre.

I føretaket har vi for andre år på rad hatt ei satsing på lærlingar innan helsearbeiderfaget.

For 2023 er har det vore åtte lærlingar fordelt på våre sjukehus. Føretaket samarbeider med dei kommunale opplæringskontora for å rekruttere dyktige elevar som tar læretida si i sjukehusa våre, og dette arbeidet er det HR-avdelinga som leiar på vegne av føretaket.

Lærlingane som kjem har stort sett hatt ei periode i kommunehelsetenesta før dei kjem til HMR kor dei er i eit år. Satsinga på helsefagarbeidar-lærlingar kom som eit resultat av eit styringskrav fleire år på rad, og stadig fleire seksjonar melder inn ønske om lærlingar. Helsefagarbeidarar er ettertrakta i føretaket, og er sterkt ønska i dei fleste sengepostar.

Satsinga på lærlingar er godt forankra i leiargruppa i føretaket, og for 2024 skal det i tillegg til lærlingar innan helsearbeiderfaget også satsast på portørlærlingar. Frå før av har HMR lærlingar innan ambulansefaget og innan ernæringskokk.

 

Tilbake til Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

 
 
 



​​


Sist oppdatert 08.04.2024