Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

Pågåande forskings- og ph. d.-prosjekt

Helse Møre og Romsdal har eit aktivt og mangfaldig forskingsmiljø med pågåande forskings- og ph. d.-prosjekt innan ulike felt. Her kan du lese eit utval av desse. Dei presenterte prosjekta avspeglar forskingsmangfaldet i HMR og bidrar til brei kompetanseutvikling innan dei ulike fagfelta og helseføretaket som heilskap. Trykk på kvar av overskriftene for å lese meir om forskings- og ph. d-prosjekta.

Publisert 07.03.2023
Sist oppdatert 15.04.2024

 

En dame med briller
Navn: Jorunn Sandvik
Stilling: Overlege ved kirurgisk avdeling
Prosjekt: Bariatric surgery observation study 2 (BAROBS2)​
Tilhøyrande avdeling: Kirurgisk avdeling, Klinikk Ålesund sjukehus

 

BAROBS2-prosjektet (Bariatric surgery observation study) undersøkjer langtidseffekter til personar som vart opererte med gastrisk bypass eller vertikal ventrikkelreseksjon (sleeve gastrektomi) for alvorleg fedme ved Ålesund sjukehus, Namsos sjukehus og St. Olavs hospital i perioden 2010-2015. Dei 1400 pasientane som vart opererte får invitasjon til å delta.  Data vil bli samla inn gjennom spørjeskjema, kliniske undersøkingar, blodprøvar, måling av vevsglukose, måling av kroppssamansetjing og beintettleik. Prosjektet vil vere nyttig for å optimalisere oppfølginga av personar som har gjennomført fedmeoperasjon og for å rettleie dei som vurderer slik behandling. Som ein del av BAROBS2-prosjektet er det etablert eit samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta som er med på eit delprosjekt.

En mann med briller
Navn: Sam Narimani
Stilling: Doktorgradsstipendiat i kunstig intelligens
Prosjekt​: Forbedret diagnostering av brystkreft ved bruk av kunstig intelligens (IMAGINE)
Tilhøyrande avdeling​: Klinikk Ålesund sjukehus

Framsteg innan kunstig intelligens (AI) omformar paradigme innan helsevesenet, særleg innan radiologi. AI-basert radiologi gir vesentlege fordelar, særleg ved automatisering og standardisering av arbeidskrevjande oppgåver, som deteksjon, segmentering og klassifisering av patologi.

Prosjektet IMAGINE er ein pioner innan bruk av banebrytande AI-teknologi, spesifikt djup læring, saman med ulike førehandsbehandlingsmetodar for MRI-data, for å forenkle og forbetre diagnosen av brystkreft. I samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar nyttar prosjektet omfattande pasientdata frå Ahus og Stavanger sjukehus i Noreg. Desse dataene blir grundig førehandsbehandla og strukturerte for å trene og evaluera ulike modellar, med fokus på deteksjon, segmentering og klassifisering av lesjonar.

For å tryggje tilpassingsdyktigheit av modellane, nyttast overføringslæringsmetodar for påfølgjande datasett som vurderer graden av generalisering av dei utvikla modellane. I ei ny tilnærming integrerer prosjektet Split Dynamic-teknikken for klassifisering, som har vist vesentleg potensial i å skilje mellom ondarta og godarta brystlesjonar.

 

En mann med briller
​Navn: Jo-Åsmund Lund
Stilling: Overlege i onkologi
Prosjekttittel: MyPath
Tilhøyrande klinikk: Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering
 

Ålesund sjukehus er eitt av fire sjukehus i Noreg som er med i forskingsprosjektet MyPath, der målet er å implementere eit digital pasientsentrert verktøy som skal betre behandlinga av kreftpasientar.

MyPath er en del av MATRIX-samarbeidet som starta opp i 2022. Matrix er eit nasjonalt forskingssenter for klinisk behandling med ambisjon om å forlenge liva og forbetre livskvaliteten til pasientar med kreftformer som vanskeleg let seg kurere.

Heile prosjektet går ut på å sette opp pasientforløp som er så effektive som mogleg, og som er tilpassa kvar enkelt problemstilling. Det unike med MyPath er at pasientane sjølve i mykje større grad blir involverte i si eiga behandling.

MyPath foreslår pasientforløp basert på tilbakemeldingar via eit digitalt spørjeskjema der pasientane fyller ut informasjon om helsetilstanden sin.

Prosjektet er ambisiøst and det krev mykje tid for å få det til. Men vi har dei flinkaste folka på laget, og ein dyktig IT-leverandør. Dette er viktige sukessfaktorar.

 

En mann med skjegg
​Navn: Knut-Asbjørn Ulstein
Stilling: Overlege barn- og ung psyk.
Prosjekttittel: Weekend og web-basert gruppebehandling for unge med emosjonelt ustabile trekk (We2U)  
Tilhøyrande klinikk: Klinikk for psykisk helse og rus
 

Mentaliseringsbasert terapi for ungdommer (MBT-A) er en spesialisert behandling for ungdom med emosjonelt ustabil personlighetsforstyrrelse, levert ukentlig av behandlere med særskilt kompetanse (Rossouw & Fonagy, 2012). Denne behandlingsmetoden er sjelden tilgjengelig ved barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikker (BUP) utenfor de største bysentrene. Også for ungdommer i fosterhjem og institusjoner, med ustabil bosituasjon, har det vært utfordrende å etablere lokalisert langtids psykoterapi. I HMR har vi utviklet et nytt mentaliseringsbasert hybrid format, vi har kalt Weekend og web-basert behandlingsprogram for unge (We2U) hvor vi forsøker å gjøre stabil, spesialisert mentaliseringsbasert gruppeterapi tilgjengelig for flere. Behandler fra alle fire poliklinikkene i avdelingen; Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund har vært med på planlegging og gjennomføring av programmet.

We2U er basert på psykoedukativt kurs (MBT-I) med fysisk oppmøte tre påfølgende dager som inkluderer måltider, overnatting og sosiale aktiviteter. Videre tilbys ungdommene 16 ukentlige gruppesamlinger(MBT-G) på video/web med to terapeuter. Etter gjennomført behandlingsekvens tilbys ungdommene fysisk dagsamling med evaluering, med tilbud om en ny runde 16 uker web-gruppe på indikasjon. Vi ønsker å undersøke opplevelse og gjennomførbarhet av programmet og samarbeider med forskere fra Universitetet i Oslo, Oslo Universitetssykehus og NTNU i Ålesund.  

We2U - Institute of Clinical Medicine (uio.no)

I første behandlingsrunde har 9 ungdommer deltatt på weekend, 7 fikk tilbud om web-gruppe. Det er gjennomført fokusgruppe og kvalitative intervjuer av ungdommene etter protokoll ved avsluttet behandling etter 16 uker nå i februar/mars 2024. Vi ønsker å bruke erfaringene fra dette pilotprosjektet til å etablere et tilgjengelig gruppeterapitilbud for ungdommer fra hele fylket og videreføre innsamling av data og forskning på dette. Vårt mål er også å kunne gi et lite bidrag til mer likeverdig behandling innen psykisk helsevern og forsøke å gjøre spesialisert lang-tids gruppebehandling tilgjengelig for flere uavhengig av hvor man bor.

 

 

 
 
En mann som smiler til kameraet
Navn: Thorstein Olsen Eide
Stilling: Psykolog ved Psykiatrisk poliklinikk Molde, ph. d.-stipendiat ved UiB/Bergen Center for Brain Plasticity og forskingsruppa for angst og OCD i HMR
Prosjekttittel: The Bergen 4-day treatment for panic disorder dissemination and clinical effectiveness
Tilhøyrande klinikk: Klinikk for psykisk helse og rus
 

Prosjektet mitt utforskar 4-dagarsbehandling (Bergen 4-Day Treatment) for panikkliding. 4-dagarsbehandling er ei form for konsentrert kognitiv åtferdsterapi (CBT) som vart opphavleg utvikla for behandling av OCD/tvangsliding og har vist god effekt som behandlingsform for OCD i ei rekkje studiar. Formatet vart seinare tilpassa for å kunne behandle panikkliding og dokumenterte god effekt i ein pilotstudie gjennomført i Helse Bergen. Denne behandlinga har seinare blitt implementert på ei rekkje nye klinikkar på tvers av Noreg. Føremålet med doktorgradsprosjektet mitt har vore å undersøke effektiviteten til behandlinga når ho blir spreidd til nye klinikkar og nye terapeutar. Per i dag er det i ph. d.-prosjektet mitt publisert to artiklar som dokumenterer at behandlingseffekten ser ut til å vere like god ved spreiing av behandlingsformatet til nye behandlingsstader, inkludert i Helse Møre og Romsdal.

Det andre hovudmålet i doktorgradsprosjektet mitt er å undersøke effektiviteten til behandlinga over lengre tid. Dette blir gjort ved oppfølging av pasientar 12 månader etter behandlinga. Ein artikkel om langtidseffekt er per i dag under innsending til publisering og er i ein vurderingsprosess. I tillegg arbeider vi med enda ein studie som undersøker langtidseffekt med eit større utval.

Sidan eg byrja på studiane, har eg vore svært interessert i kognitiv åtferdsterapi, angstbehandling og forsking og kvalitetssikring av behandling. Difor, då det kom ein moglegheit til å søkje om ph. d.-stipend gjennom Bergen Center for Brain Plasticity innanfor eit så innovativt og spennande fagmiljø, ville eg med ein gong søkje på dette, og eg var heldig nok til å bli tilsett her.

Det mest spanande med prosjektet har vore å få moglegheit til å kombinere rolla som behandlar og forskar innanfor 4-dagars behandlinga. Dette har gitt meg ein svært spanande og utviklande kvardag. Det har vore interessant å sjå korleis denne behandlinga har latt seg spreie til nye klinikkar og sikre at pasientar med panikkliding har fått svært god behandling. Det har òg vore spanande å vere i kontakt med dyktige og engasjerte klinikarar som har arbeidd med behandlinga av pasientane. Til slutt vil eg leggje vekt på god rettleiing og opplæring i forskarrolla frå mine svært kompetente rettleiarar Kristen Hagen, Bjarne Hansen og Stian Solem. Vi utgjer eit sterkt forskingsmiljø i forskingsgruppa lokalt i Helse Møre og Romsdal, og dette miljøet har vore viktig både for trivsel og fagleg utvikling. I tillegg har det vore inspirerande å bli ein del av eit sterkt - både nasjonalt og internasjonalt - forskingsmiljø gjennom dette prosjektet.

Hovudbetydinga av dette forskingsprosjektet vil vere å dokumentere at 4-dagars behandling for panikkliding har svært god effekt også ved spreiing til nye område. Det viser òg at metoden som har vore nytta i spreiinga av formatet har vore vellykka og kan vere eit godt eksempel for seinare implementering av andre behandlingsmetodar.

En kvinne som smiler for kameraet
 
Navn: Heidi Vihovde Sandvig
Stilling: Konstituert overlege ved medisinsk avdeling i Kristiandsund
Prosjekttittel: The impact of systemic inflammation on cognitive function among survivors of ischemic strokes
Tilhøyrande klinikk: SNR
 

Prosjektet mitt er ein del av ein større studie, Norwegian Cognitive Impairment After Stroke (Nor-COAST), der hovudmålet er å studere kognitiv svikt i ein generell norsk hjerneslagspopulasjon, og identifisere ulike faktorar for kognitiv svikt etter slag. Kognitiv svikt etter hjerneslag er vanlig hos ca. 50 % av pasientane, og andre studiar viser òg at hjerneslagpasientar har høgare risiko for utvikling av demens etter hjerneslaget. Mange studiar tyder på at inflammasjon kan være skadelig for nerveceller, og inflammasjon ser også ut til å være av betyding ved Alzheimer’s sjukdom. Ved akutt hjerneslag vil ein få ein akutt inflammatorisk reaksjon, både i hjernen og systemisk. Vår hypotese er at for stor grad av akutt inflammasjon eller langvarig inflammasjon, vil bidra til større nevronskade og derav større kognitive vanskar etter slaget.  I min delstudie er målet å sjå på samanhengen mellom systemisk inflammasjon og kognitiv svikt. Det litt unike med materialet er at vi har målt markørar på inflammasjon på fleire tidspunkt etter slaget (0, 3, og 18 månader) og har fylgt opp pasienten med kognitive testar ved 3, 18 og 36 månader etter slaget. På den måten kan vi studere både betydinga av akutt og meir kronisk inflammasjon etter hjerneslaget, sjå på kognitive utfall over lengre tid, samt sjå på om systemisk inflammasjon har samanheng med endring i kognisjon.

Viss ein ser tilbake i tid var hjerneslagpasientar ei gruppe pasientar som ein kunne gjere lite for, og som blei lågt prioritert i akuttfasa. Men med nye behandlingstilbod, som trombolyse og trombektomi, og med forståing for betydinga av eigne slageinheiter, så har heldigvis fokuset på slagpasienten auka og pasientane har no betre overleving etter hjerneslag. Samstundes har vi blitt oppmerksame på at ein stor del av hjerneslagpasientane får kognitive følger, og at desse pasientane i tillegg er meir utsatt for å utvikle demens på sikt. I vårt materiale er førekomsten av kognitive problem på ca. 50 % 3 månader etter slaget. Kognitive vanskar har stor betyding for i kva stor grad pasienten treng bistand etter hjerneslaget og i kva stor grad pasientar som var i arbeid før slaget klarer å komme tilbake i jobb. Samstundes er det på verdsbasis ei auking av yngre slagpasientar, som er svært bekymringsfullt. So ein sterk motivasjon for dette arbeidet er å bidra med forsking som på sikt kan bidra til enda betre behandling av hjerneslagpasientar, slik at følgande etter hjerneslag minkar og fleire kan leve eit godt liv etterpå.

Immunsystemet vårt, og inflammasjon, er eit veldig spanande felt som er i stor utvikling. Betre forståing for inflammasjonsprosesser vil ha stor betyding for mange ulike sjukdomar, og potensielle framtidige behandlingsmogleheiter er mange. Difor er dette eit veldig spanande felt å forske på.

Resultata mine er til støtte for utprøving av ulike anti-inflammatoriske behandlingar hos hjerneslagpasientar, sjølv om det må fleire studiar til før dette kan blir gjort i større skala, og det er ikkje sikkert dette er for alle pasientar. Om anti-inflammatorisk behandling i akuttfase av hjerneslag vil ha nokon plass i klinikken vil difor framtida vise. Men resultata mine vil òg seie noko om i kva slags fasar etter hjerneslaget systemisk inflammasjon har mest betyding, og kva slags pasientar er mest utsatt for negative effektar av inflammasjon. Så det kan også få betyding for når og blant kven ein må prøve å unngå ekstra inflammatorisk belastning (som f.eks. infeksjonar) etter hjerneslag.

En person som smiler foran et tre
 
Navn: Andrea Toft Boutera
Stilling:  LIS-lege, ortopedisk avdeling ved Molde sjukehus
Prosjekttittel: Treatment of hip fracture - timing of surgery and discharge from hospital
Tilhøyrande klinikk: SNR 

Eg forskar på behandling av hoftebrot, og fokuserer spesielt på tidsfaktorar knytt til behandlinga av hoftebrotspasientar. Hoftebrotspasientar er nokre av dei​ sjukaste ortopediske pasientane vi har, med ein 1-års dødeligheit på 24% og 5-års dødelegheit på heile 60%. Det er ein skrøpelig og multimorbid pasientgruppe som treng den beste behandlinga dei kan få frå innlegging til utskriving. Eg har så langt i min ph.d. sett på om det er ein «weekend effect» ved hoftebrotskirurgi på norske sjukehus, og publiserte ein artikkel på dette i 2019. Nå held eg på med ein ny artikkel som omhandl​ar liggjetid og utskrivingstidspunkt, kor vi ser på om desse tidsfaktorane påverkar reinnlegging, reoperasjon og mortalitet. 

Eg er så heldig at eg får bruke data frå Nasjonalt Hoftebruddregister som inneheld data frå over 140 000 hoftebrot. Mine studiar er retrospektive observasjonsstudiar. Kvart hoftebrot som opererast på alle landets sjukehus registrerast elektronisk i ein database av kirurgen. Skjema som fyllast ut inneheld informasjon om pasienten som alder, kjønn og kognitiv funksjon. I tillegg er det mellom anna informasjon om ASA-klasse, brottype og operasjonsmetodar.

Val av tema og problemstilling starta som ei hovudoppgåve på medisinstudiet. Eg visste at eg ville bli ortoped, og ønskte derfor eit prosjekt innan ortopedi. Vi hadde min noverande hovudrettleiar som føreleser, og eg synast han var veldig flink. Ettersom han var leiar for hoftebrotsregisteret var det naturlig å forske på hoftebrot. Sjølv om eg ikkje kunne så mykje om hoftebrot på den tida er eg no veldig glad for at det blei akkurat den pasientgruppa eg forskar på. Det er givande å forske på hoftebrotspasientar fordi det er av stor betyding å finne nye behandlingsmetodar og behandlingsforløp som forhåpentlegvis kan vere med å redusere den høge mortaliteten til denne pasientgruppa. I tillegg er hoftebrot innanfor fagfeltet traumatologi som eg interesserar meg ekstra for.  

 

En mann med briller som smiler

​Navn: William Indregård
Stilling:  
Prosjekttittel: Rumperte aortaaneurismer – fra symptom til behandling – regionale og nasjonale forskjeller?
Tilhøyrande klinikk: Klinikk Ålesund sjukehus

Prosjektet ser nærare på behandlinga av pasientar med rumpert abdominalt aortaaneurisme (rAAA) frå symptomdebut til utskriving få sjukehus, og kartleggje kva behov desse pasientane har for kommunale omsorgstenester etter utskriving. Eit abdominalt aortaaneurisme (AAA) er ein relativt vanleg førekommande sjukdom kor hovudpulsåra utvidast med fare for ruptur og livstruande blødning.

I dag finst det to operative alternativ, enten open operasjon (OR, open repair) kor ein fjernar aneurismet og erstattar hovudpulsåra med ei syntetisk blodåre, eller endovaskulær behandling (EVAR, endovascular aortic repari) kor ein via tilgang i lyskepulsåra plasserer ein stentgraft som ei forsterking på innsida av den sjuke blodåra. Begge behandlingsalternativa tilbydast ved Ålesund sjukehus.

Prosjektet søkjer å identifisere faktorar som har ført til forsinka oppstart av endeleg behandling hos pasientar med rAAA, om alle er behandla etter prinsippet med kontrollert hypotensjon for å minimere blødning prehospitalt, organisering intrahospitalt ved mottak av desse pasientane, i tillegg til kva behandlingsmodalitet som er valt og korleis dette har påverka utfallet i form av overleving og komplikasjonar til behandlinga.

Vidare vil vi kartleggje behovet desse pasientane har for kommunale omsorgstenester etter utskriving frå sjukehus for å danne oss eit betre bilete av funksjonsnivå og livkvalitet pasientane oppnår etter behandling for rAAA.


En dame som smiler til kameraet
 
​Navn: Katarina Mølsæter
Stilling: Spesialrådgiver i Seksjon for forsking og innovasjon
Prosjekttittel:  A Randomized Controlled, Double-Blinded, Placebo-Controlled Trial to Investigate the Efficacy and Safety of CARDIO® in adult asthmatics.
Tilhøyrande klinikk: Klinikk Ålesund sjukehus

Studien er en dobbelt-blindet randomisert placebo-kontrollert studie hvor vi ønsker å finne ut om naturlig (uraffinert) lakseolje har betennelses dempende effekt hos astmatikere som daglig bruker steroider (eosinofil Type2 astma).

Det er påvist anti-inflammatorisk effekt i pre-klinisk forsøk og hypotesen vår er om vi kan se lignende effekten hos mennesker i prosjektet. Studieperioden er 24 uker, 20 uker med kapsler (lakseolje eller placebo), daglig pustetester (PEF) og spørsmål knyttet til astma symptomer. Vi tar også blodprøver (blant annet betennelsesmarkører), pustetester (spirometri/FeNO), biobank prøver og standard kliniske parameter. Hoved endepunktet i prosjektet er å se på antall astmaforverringer under studieperioden, samt at hvis vi ser at betennelsen minsker i blodet og økt lungevolum på pustetester, er bruken av steroider redusert.

Jeg ble kontaktet av Hofseth Biocare som produserer lakseoljen. De ønsket tilsettelse av en stipendiat med aktivt samarbeid mellom privat næringsliv, offentlig sektor og universitet. Hofseth Biocare er en lokal bedrift i Ålesund som ønsket et steg videre innenfor human forskning fra tidligere gjennomførte pre-kliniske forsøk på oljen. Med bakgrunnen fra klinisk forskning bygget vi opp et avansert humant forskningsmiljø hos Hofseth Biocare, samtidig som jeg stilte et sterkt ønske om å få fortsette samarbeidet med Klinisk forskningspost i Ålesund. Samarbeidet med min hovedveileder Dag Arne L Hoff (spesialist i indre medisin og fordøyelses sykdommer) og bi-veileder Kjetil Roth (spesialist i lungemedisin) har vært avgjørende for at jeg skal gå over til stipendiat-stillingen. Samtidig har den økonomiske tryggheten i forbindelse med gjennomføringen kommet fra firma. Sammen har vi fra firma og sykehuset arbeidet fram et komplekst forskningsprosjekt med data som høstes til flere framtidige publikasjoner.
 
Hvis vi ser en forandring hos de inkluderte i positiv retning kan man tenke seg at det vil være økt fokus på marin ernæring i forbindelse med astma, men også andre sykdommer knyttet til betennelse. Marin olje vil nok ikke være førsteledd behandling ved astma, men forhåpentlig bidra til mindre bruk av syntetiske preparater og forbedret kontroll på sin astma sykdom. Samtidig viser dette prosjektet at samarbeid mellom privat næringsliv, offentlig sektor, og universitet er en tilnærming som er gjennomførbar innenfor klinisk forskning.
 
 
 
 

 

Tilbake til Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse