
Kva er Ålesund Biomechanics Lab?
ÅBL er eit forskningssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og NTNU Ålesund, med lokale ved Kunnskapssenteret Ålesund sjukehus (6. etasje i høgblokka på sjukehuset). Kjerneaktivitetar ved laboratoriet er medisinsk-teknisk innovasjon og biomekaniske studiar.
Om du har prosjekt som du ønskjer å diskutere kan du komme i kontakt med tilsette ved ÅBL (sjå oversikt over tilsette nederst på sida).
Forskings- og innovasjonsaktivitet
ÅBL driver med biomekanisk forsking. Hensikta er å teste funksjon i ledd, konsekvens av skadar, og effekt av ulike behandlingsmetodar.
Som ein del av arbeidet nyttar forskarane seg mellom anna av avanserte robotar og måleinstrument. Det teknologiske arbeidet skjer i samarbeid med NTNU Ålesund.
Full oversikt over forskings- og innovasjonsaktivitet ved laboratoriet kjem etter kvart.
Fasilitetar og utstyr
ÅBL tilbyr ulike former for fasilitetar og utstyr for biomekanisk forsking, kirurgisk trening, og medisinsk-teknologisk innovasjon.
Utstyr
Fasilitetar
- Robotrom for biomekanisk testing
- Kirurgiske treningsrom for kadaverkirurgi
- Fryserom for preparater
- Makerspace med utstyr for prototyping
- Møte-/kursrom med god kapasitet
Tilsette
Andreas Fagerhaug Dalen, MD (spesialist i ortopedisk kirurgi, leiar for ÅBL og Kunnskapssenteret Ålesund sjukehus, PhD-stipendiat)
E-post
Aleksander Skrede, MSc (ingeniør, PhD-stipendiat)
E-post
Øystein Bjelland, MSc (ingeniør, PhD-stipendiat)
E-post
Alf Inge Hellevik, MD, PhD (spesialist i ortopedisk kirurgi, forskningsansvarlig ved ortopedisk avdeling HMR)
E-post
Adam Leon Kleppe, MSc, PhD (medisinsk koordinator ved Institutt for IKT og realfag, NTNU i Ålesund)
E-post
Publikasjonar
Publikasjonar kjem etter kvart.
Kurs
ÅBL legg til rette for gjennomføringa av kirurgiske kurs. Meir informasjon om ulike kurs kjem etter kvart.
- Nasjonalt kurs for håndkirurgi og revmakirurgi