Vi vil prøve ut kunstig intelligens i form av språkmodellar for å kartlegge pasientforløp og behandlingsresultat. I dag er det svært tidkrevjande å gjennomgå pasientjournalar, og mange viktige problemstillingar blir aldri undersøkte på grunn av dette. Språkmodellar kan potensielt lese gjennom ei pasientjournal på sekund, og hente ut informasjon om pasientforløpet og behandlingsresultat. På den måten kan det vere mogleg å undersøke problemstillingar som elles ikkje ville blitt prioriterte.
Om prosjektet
Som ein pilot ønsker vi å undersøke forløpet til pasientar med blodforgifting forårsaka av gule stafylokokkar. Det blei i 2019 innført ei spesiell varsel i pasientjournalen for alle slike pasientar. I varselet var det ei påminning om viktige aspekt ved behandling av desse alvorlege infeksjonane. Vi vil bruke kunstig intelligens for å undersøke om dette varselet førte til rettare behandling og eit meir gunstig sjukdomsforløp. I prosjektet vil vi først identifisere alle pasientar innlagde på sjukehus i Møre og Romsdal med gule stafylokokkar i blodet i perioden 2014–2023. Før vi skal jobbe med journalane, vil namn og alle opplysningar som kan identifisere deg som pasient bli fjerna. Journalen vil så bli overført til ei lukka forskingsdatabase med svært strenge tryggleikstiltak. For å vite om kunstig intelligens gjer ein nøyaktig jobb, vil vi gjennomgå ein betydeleg del av materialet også med manuelle metodar. Om vi lukkast med prosjektet, vil denne arbeidsmetodikken spare mykje arbeid og gi oss høve til å forbetre kvaliteten på helsetenestene.
Kva slags informasjon vil bli brukt?
Vi har fått dei nødvendige løyvene til å gjennomføre prosjektet frå Regional Etisk Komité og personvernombodet i Helse Møre og Romsdal. Det er ingen risiko for at du som pasient skal kunne bli kjend att av forskarar som jobbar med prosjektet, eller av dei som les rapportar om prosjektet i ettertid. Likevel vil vi tilby deg høvet til å reservere deg frå at journalen din blir brukt til dette prosjektet.
For å reservere deg kan du ta kontakt med prosjektansvarleg på e-post eller per telefon: