Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livet som doktorgradskandidat

Livet som doktorgradskandidat: Anne-Mari Holte Flusund

Anne-Mari Holte Flusund er røntgenlege ved radiologisk avdeling ved Molde sjukehus og ph.d.-kandidat. Ho forskar på bildefunn på MR og CT ved traumatiske hovudskadar. Saman med Hodeskadegruppa ved St. Olavs hospital/NTNU ser ho nærare på kva slags bildefunn som er særleg viktige for korleis det går med hovudskadepasientar seinare i livet.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 27.02.2025
En kvinne som smiler til kameraet
Anne-Mari Holte Flusund. Foto: Privat.

Kva er det du forskar på i doktorgraden din?


Eg ser på ein bestemt type skade, nemleg traumatisk aksonal skade (forkorta til TAI). Det er ei skade av sjølve aksonet, den delen av hjernecellene våre som nærmast som ein leidning forbind cellekroppen i hjernebarken vår til resten av kroppen. TAI er vanleg ved moderate og alvorlege hovudskader, og vi veit at biletfunn av TAI på MR heng saman med pasientars utkomme på lang sikt. Eg har brukt ein metode som ikkje tidlegare har vore brukt på TAI til å studere utbreiinga av TAI på MR: hjernekart. Vi har fargelagt (segmentert) teikn til TAI på MR-bilete, og så har vi sett saman bilete frå mange pasientar i ei "felles hjerne". Då får ein hjernekart der biletfunn frå fleire hundre pasientar kan studerast samtidig i den same modellen eller kartet. Eg har òg vore med på å lage eit forslag til ei ny gradering av TAI på MR. Akkurat no ser eg på biletfunn av TAI på MR hos barn og relasjon til utkomme.


Kva var bakgrunnen for valet av tema og problemstilling?


Bakgrunnen for val av tema og problemstilling heng for meg saman med årsaka til at eg bestemte meg for å ta ein doktorgrad. Det er farga av at eg som assistentlege i vidareutdanning ved St. Olavs hospital vart kjend med Hodeskadegruppa. Då eg jobba ved St. Olavs trong dei hjelp til å granske CT-bilete av pasientar med hovudskader. Gjennom det arbeidet vart eg inkludert i ei flott og inkluderande forskargruppe. Eg vart freista til å fortsetje med CT-granskinga òg etter at eg kom tilbake til Molde, og gradvis voks lysta til å starte med eit eige ph.d.-prosjekt etter oppmoding og oppmuntring frå gruppa i Trondheim. Å få lov til å jobbe med nettopp TAI på MR er veldig kjekt, det glir rett inn i mi arbeidskvardag som radiolog, og det opplevast som nyttig og viktig.
 
Korleis er det å kombinere din vanlege arbeidsdag her i HMR med doktorgradsarbeidet?


Å vere både radiolog og ph.d.-kandidat er til tider meir som å jobbe 70/70 enn 50/50. Det kan vere slitsamt, men det er veldig kjekt òg. Når det er krevjande tider i klinikken, som for eksempel det siste året vi har vore gjennom med innføringa av Helseplattformen, har det vore godt å kunne pusle med sitt eige forskingsprosjekt. På same måte er det godt med ein pause frå statistikk og artikkelskriving innimellom, eg set stor pris på å få kunne gjere begge delar.


Kva tenkjer du er fordelane med å ta ein doktorgrad for ein person som jobbar i eit medisinsk- eller helsefagleg yrke?


Fordelane med å ta ein doktorgrad for oss som jobbar med medisin- og helsefag er både å få lov til å fordjupe seg i eit tema, men òg å få lære seg å forske. Å ta ein ph.d. er jo ei utdanning, ein utdannar seg til å bli forskar. Når vi som jobbar med medisin og helse utdannar oss til forskarar, då kan vi forske på det som er relevant for oss. Det er viktig for å drive faget vårt framover, til beste for pasientane våre. Dei er alltid dei viktigaste i helsevesenet vårt, det er for dei vi går på jobb kvar dag, og det er for dei vi forskar oss fram til ny kunnskap.


Korleis vil du beskrive ditt lokale forskingsmiljø i Helse Møre og Romsdal? Har det vore til hjelp i doktorgradsarbeidet ditt?


I Molde er eg så heldig å få ha kontor i eit fellesskap med fleire som forskar. Det gir moglegheiter for daglege samtalar om stort og smått i ph.d.-livet, det gir støtte og trivsel. Det er fint at det blir arrangert samlingar i HMR for ph.d.-kandidatar og forskarar. Det gir kjensla av å høyre til ei gruppe, sjølv om ein ikkje har direkte kontakt til kvardags med alle. I Klinikk for diagnostikk har vi òg dei siste par åra hatt ei eiga forskingsgruppe som prøver å ha litt oversikt over forskinga i eigen klinikk, som ei ressursgruppe for dei som er i gang og for dei som gjerne vil kome i gang. Det er ei fin gruppe å få vere med i.


Kva er det beste med tida som doktorgradskandidat?


Det er fleire fine ting med å vere ph.d.-kandidat. Det å lære å forske er spanande. Å få fordjupe seg i eit eige prosjekt er kjekt. Å bli kjend med så mange hyggelege og kunnskapsrike menneske er òg veldig givande.


Har du noko meir på hjartet?


Til sist vil eg trekke fram flotte nærleiarar som legg til rette for oss som har lyst til å kombinere klinisk stilling med forsking. Odd Arne Haram og Martin Grotnes er mine nærleiarar ved radiologisk avdeling i Molde, og utan dei hadde dette ikkje vore mogleg å få til. At dei ser verdien av forsking, at dei støttar og er rause med korleis eg fordeler mi tid, det betyr alt.