Livet som doktorgradskandidat
Livet som doktorgradskandidat: Sam Narimani
Sam Narimani forskar på bruk av kunstig intelligens i bildediagnostikk. Doktorgraden hans fokuserer på å forbetre diagnostisering og behandling av brystkreft ved hjelp av KI. Forskinga er ein del av IMAGINE-prosjektet, som samarbeider med nasjonale og internasjonale partnarar for å utvikle meir effektive diagnostiske metodar og forbetra pasientbehandling.
Kven er du, og kva jobbar du som i Helse Møre og Romsdal?
Eg er ein erfaren dataingeniør som har jobba med ulike IT-prosjekt sidan 2012. Sidan 2022 har eg vore ph.d.-stipendiat ved Helse Møre og Romsdal, knytt til Ålesund sjukehus. Eg fokuserer på bruk av kunstig intelligens i medisinsk bildediagnostikk gjennom arbeidet mitt i IMAGINE-prosjektet (IMproved DiAGnostics of Breast Cancer using Artificial INtElligence). Eg kan beskrive meg sjølv som nysgjerrig og motivert, og eg trivst med å jobbe i tverrfaglege prosjekt som IMAGINE. Eg set pris på det konstruktive og lærerike miljøet i Helse Møre og Romsdal, som gir meg moglegheita til å utvikle innovative løysingar på komplekse helseutfordringar.
Kan du fortelje litt om doktorgradsavhandlinga di?
Doktorgraden min handlar om å forbetre diagnostisering og behandling av brystkreft ved hjelp av kunstig intelligens. Eg forskar på korleis vi kan segmentere og analysere brystregionar og lesjonar meir nøyaktig ved bruk av djupe nevrale nettverk, samtidig som vi reduserer karbonfotavtrykket frå modelltrening. Prosjektet kombinerer faktisk avansert medisinsk bildediagnostikk med berekraftige KI-løysingar. I tillegg jobbar eg med å utvikle ein generell datapipeline for framtidige brystbilde. Denne pipelinen vil forenkle prossesseringa og tilrettelegge for standardisert behandling av nye data, noko som er ei stor utfordring i dag. Dataa vi har tilgjengeleg no er ofte ufullstendige og ustandardiserte, og ein stor del av arbeidet mitt går ut på å reinse og standardisere desse datasetta. Ein annan viktig del av forskinga mi er ei ny tilnærming til segmentering av heile brystet. Eg har foreslått ei ny anatomisk grense for brystsegmentering som inkluderer alle typar brystkreft, noko som gir ei meir heilskapleg tilnærming. Gjennom optimalisering av bildeoppløysing og størrelsar har IMAGINE-prosjektet også klart å redusere karbonfotavtrykket ved brystlesjonssegmentering med over 50 %.
Kva er det du forskar på i doktorgraden din?
IMAGINE-prosjektet blei finansiert av Helse Midt-Norge i 2021 og er eit samarbeid mellom nasjonale partnarar som NTNU, UiS og Ahus, samt internasjonale samarbeidspartnarar, inkludert Universitetet i Chicago. Forskinga mi er strukturert i tre hovudtrinn:
- Data: Innsamling av data frå ulike kjelder, etterfølgt av rensing, standardisering og tilpassing for prosjektets behov. Dette inneber også utvikling av ein generell datapipeline som effektiviserer og forenklar framtidig handtering av brystbilde.
- Modellering: Utvikling og testing av ulike KI-modellar for segmentering og klassifisering av brystbilde. Målet er å identifisere dei mest effektive og berekraftige djupnelæringsmodellane som kan brukast til framtidig trening og validering.
- Evaluering: Bruk av ulike metodar for å validere modellens yting og sikre at løysingane oppfyller krava for framtidig bruk i klinisk praksis.
Kva var bakgrunnen for val av tema og problemstilling(ar)?
Den raske utviklinga av KI innan bildediagnostikk og den aukande bruken i klinisk praksis, var ein sterk drivkraft for å starte IMAGINE-prosjektet. Spesielt fokuserer vi på tidleg oppdaging, som kan vere avgjerande for å forhindre at kreften utviklar seg til eit meir alvorleg stadium før behandling kan settast i gong. Dei siste åra har KI vist betydelige framsteg i å kjenne igjen kreft, noko som gir eit solid grunnlag for å vidareutvikle slike teknologiar. Brystkreft er dessutan den vanlegaste kreftforma blant kvinner i Noreg, noko som gjer dette temaet både relevant og viktig å adressere.
Kva var det som gjorde at du bestemte deg for å ta ein doktorgrad?
Eg kan oppsummere det i to ord: meiningsfylt tema og nysgjerrighet. Eg har alltid vore nysgjerrig og motivert til å arbeide med nye og meiningsfulle tema. Som utdanna dataingeniør med mange års erfaring i industrien, der eg har jobba med både eksperimentelle og numeriske undersøkingar, ønskte eg ei større utfordring. Å ta ein doktorgrad gir ei unik moglegheit til å fordjupe seg i komplekse problemstillingar og skape løysingar som verkeleg kan gjere ein forskjell. Samtidig innsåg eg at jobb som ph.d. tilfredsstilte min trong til å utforske og innovere. Forsking gir meg energi og meining, og å jobbe med eit prosjekt innan helsevesenet har ein djup verdi. Det å bidra til eit samfunnsrelevant tema som kan forbetre livskvaliteten for andre, var ein av dei viktigaste grunnane til at eg valde å ta ein ph.d.
Kva tenker du er fordelane med å ta ein doktorgrad for ein person som jobbar i eit medisinsk- eller helsefaglig yrke?
Å ta ein doktorgrad gir ei unik moglegheit til å fordjupe seg i forskingsmetodar og avansert teknologi, noko som kan brukast til å utvikle meir effektive metodar for diagnostisering og behandling. Det gir også ei djupare forståing for dei underliggande mekanismane i medisinske problemstillingar, noko som er avgjerande for å drive evidensbasert praksis framover. I tillegg bidrar ein doktorgrad til å bygge eit solid fagleg nettverk, både nasjonalt og internasjonalt, som kan opne dører for samarbeid og deltaking i framtidige innovasjonar innan helsevesenet. For mange er det også ei moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med forsking, noko som kan gi ny inspirasjon og motivasjon i det daglege arbeidet.
Har du noko meir på hjartet?
Eg er takksam for å vere ein del av eit lærerikt miljø og eit felt der teknologi kan forbetre liv. Eg håper at forskinga mi kan inspirere andre til å sjå potensialet i KI i helsetenesta, og eg ser fram til å bidra vidare til utviklinga av feltet.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!