Forskingsnyheiter
Å bygge eit liv verdt å leve
Ei ny form for rusbehandling har vist seg lovande for pasientar ved Molde behandlingssenter. Forskarar nyttar ein omfattande metode som hjelper traumatiserte rusavhengige, som er ei gruppe pasientar som tidlegare ikkje har hatt nytte av tradisjonell behandling.
Mange som slit med alvorleg rusmisbruk har opplevd traumar i livet, og har problem med å takle vanskelege kjensler. Dette heng ofte saman med høgare risiko for brot i behandlinga og tilbakefall til rus i etterkant av behandling. Korleis kan ein endre dette?
Denne problemstillinga er utgangspunktet for ph.d.-prosjektet til psykologispesialist Johanna Vigfusdottir og konstituert overlege Edvard Breivik. Dei to kartlegger og behandlar dei pasientane som har opplevd traumar, og som slit med posttraumatisk stressliding (PTSD).
Studien føregjeng ved Molde behandlingssenter. Alle innlagde pasientar frå mai 2021 til mai 2024 fått tilbod om å delta i studien som eit tillegg til den vanlege behandlinga dei får.
Om behandlinga
- Vi nyttar ei kombinasjonsbehandling med emosjonsregulering i form av Dialektisk Åtferdsterapi (DBT) og traumefokusert terapi med Narrativ Eksponeringsterapi (NET) under døgnbehandling for rusavhengige. Vi vil vise at det er trygt og relevant å tilby denne behandlinga, seier forskarane.
Dei har ei hypotese om at dette vil redusere PTSD-symptom og reguleringsvanskar hos pasientane slik at dei får mindre behov for å «sjølvmedisinere» seg med rusmidlar.
- Grovt sett kan vi seie at NET utvidar toleransevindauget og minskar PTSD-symptom, mens DBT aukar ferdigheitene til pasientane til å regulere følelsane sine, forklarar Breivik og Vigfusdottir.
Ved hjelp av NET går pasientane gjennom dei traumatiske hendingane dei har opplevd i livet for å minske angst- og fryktresponsen i minnet.
- Du kan samanlikne det med å kurere angst for edderkoppar. Først ser du på den, så tar du på den og til slutt lar du edderkoppen krype på deg. Du venner deg til det du frykter. I NET så lagar vi ei livslinje med steinar der pasientane har opplevd vonde hendingar, blomster der dei har opplevd gode hendingar, kjeppar der dei har gjort urett mot andre, og så bruker vi det som eit utgangspunkt for behandlingsplan.
Forskarane forklarer at andre traumefokuserte terapiar er betre når det er snakk om enkeltståande eller få hendingar, men at det ikkje er typisk for denne pasientgruppa.
Fleire kvinner enn menn som slit
PTSD kan bli utløyst av ei traumatisk hending som ein sjølv har opplevd eller vore vitne til.
Førebels tal viser at alle pasientane ved Molde behandlingssenter har opplevd traumatiske hendingar, og at dei fleste oppfyller kriterier for PTSD som eit betydeleg element i rusavhengigheita deira. Det er fleire kvinner enn menn som slit.
Forskarane påpeiker at det er utvikla ei rekkje godt dokumenterte og effektive behandlingsformer mot PTSD, men dei er i liten grad systematisk tatt i bruk som ein del av rusbehandling.
- Ein av årsakene til det er frykta for at pasientar ikkje vil takle den forbigåande auka aktiveringa av traumar i forbindelse med behandling utan å ruse seg, og dermed vere i risiko for å skrive seg ut, seier Breivik og Vigfusdottir.
Forskarane seier at det er ein stor del av pasientane som har drive aktivt med sjølvskading før dei hamna på institusjon, og nesten alle kvinnene har forsøkt å ta livet sitt .
- Vi må passe på at sjølvskadinga ikkje eskalerer under behandlinga, for det skal vere trygt sjølv om det kan vere vanskeleg for pasientane å gjenoppleve dei vonde hendingane. Vi har ikkje publisert resultata enno, men førebels tal viser at behandlinga er trygt utan auka i drop-out eller sjølvdestruktiv åtferd, understreker forskarane.
Vidare er fokuset på å bygge opp eit liv verdt å leve.
- Ofte så blir vi så opptekne av at vi skal redusere lidingar og fjerne tilgang til rusmidlar, men det er minst like viktig å hjelpe pasientane til å ha ein grunn til at dei ikkje skal ty til rus – det er å ha eit meiningsfullt liv, eit liv verdt å leve – det er den mest potente oppskrifta til suksess, seier forskarane.
Rosar dei tilsette ved behandlingssenteret
Dei to forskarane rettar ein stor takk til dei tilsette ved Molde behandlingssenter.
- Sjølv om vi er drivkrafta bak prosjektet så har det kravd ei enorm justering for senteret, og det er mange tilsette som har mått lært seg nye metodar og nye måtar å jobbe på. Dei har vore eineståande og hadde det ikkje vært for dette så hadde vi ikkje kome langt. Dei skal ha ein god del av æra, seier dei.
Forskarane er no ferdige med aktiv inkludering. Dei siste pasientane som blei inkludert vil bli ferdig behandla i løpet av hausten. Alle pasientane vil bli fylgd opp i eitt år etter utskriving.
For Breivik og Vigfusdottir er fokuset no på skriving av artiklar. Vigfusdottir er allereie godt i gong med ein artikkel som ser på korleis avverjing av kjensler og skam påverkar PTSD og vanskar med å regulere kjensler.
Ønsker du å snakke med nokon angåande rus eller problematikk knytt til dette? Du kan komme i kontakt med følgjande instanser:
Rustelefonen på 08588
Rusopplysingen
RUSInfo.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.