Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Ålesund-lege tildelt årets forskastipend frå Astra Zeneca

På Verdas Diabetesdag 14. november fekk Mari Idsøe tildelt Astra Zeneca sitt forskarstipend på 75 000 kroner. Tildelinga går til eit prosjekt som skal sjå om føreskriving av legemiddel mot angst, uro, depresjon og søvn er annleis for personar med diabetes type 1 kontra friske kontroller.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 20.12.2024
En dame som smiler
Mari Idsøe. (Foto: Norsk Endokrinologisk Forening)

Mari Idsøe er spesialist i endokrinologi og jobbar ved Ålesund sjukehus som overlege ved medisinsk avdeling, seksjon for endokrinologi. Registerstudien utgår frå Haukeland universitetssjukehus og Norsk diabetesregister for vaksne.

– Diabetes type 1 er ein sjukdom som kan debutere når som helst i livet med overvekt i barne- og ungdomsår. Det er ein kronisk sjukdom som ved debut kan opplevast overveldande og som sett store krav til eigenomsorg. Psykisk helse og diabetes er lite forska på og eit viktig felt å få belyst nærare. Veldig kjekt å få midlar til å studere noko som vi ser er lite forska på nasjonalt og internasjonalt for å kunne gjere oppfølginga av DM1 enda betre, seier Idsøe.

 Tittelen på prosjektet er "Prescription of antidepressants, anxiolytics, hypnotics and antipsychotics in patients with type 1 diabetes compared with the background Norwegian population."

Veileder i prosjektet er Grethe Åstrøm Ueland ved Haukeland Universitetssjukehus.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!