Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

FORSKINGSNYHEITER

MATRIX årsrapport frå 2023 er klar

MATRIX er eit nasjonalt forskingssenter for klinisk behandling med ambisjon om å forlenge liva og forbetre livskvaliteten til pasientar med kreftformer som vanskeleg let seg kurere. No kan du lese høgdepunkta frå året som gjekk i den nyleg publiserte årsrapporten for 2023.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 22.03.2024
Sist oppdatert 05.04.2024
En person som bruker et mikroskop;
(Foto: OUS, Per Marius Didriksen)​

Årsrapporten finn du her. I den kan du mellom anna lese om høgdepunkta og forventningane til dei fem arbeidspakkane som til saman skal utvikle ny persontilpassa diagnostikk og behandling. 

En mann med briller
Jo-Åsmund Lund leiar forskingsprosjektet MyPath. (Foto: Helse Møre og Romsdal)

 

Ålesund sjukehus er ein av partnarane og bidragsytarane til MATRIX. Onkolog Jo-Åsmund Lund representerer Helse Møre og Romsdal i den nasjonal leiargruppa til MATRIX. Stein Kaasa er nestleiar. Lund leiar òg forskingsprosjektet MyPath der kreftpasientar får moglegheit til å gje ei digital tilbakemelding på korleis dei lever med sjukdomen sin. 

 

Nyheiter og arrangement blir publisert med jamne mellomrom på heimesida til MATRIX. I tillegg kan du melde deg til å motta nyheitsbrevet ved å kontakte Elisa Bjørgo