Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kliniske studiar, forskingsnyheiter

Delta i behandlingsstudie for personar med irritabel tarmsyndrom (IBS)

Studien skal gi breiare kunnskap om effekten av fekal mikrobiotatransplantasjon. Ålesund sjukehus er eit av tre deltakande sjukehus i studien.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 25.02.2025
Et nærbilde at et menneske med magesmerter
Mange menneske med IBS opplever magesmerter og oppblåstheit. (Illustrasjonsfoto: Colourbox.com)

Vi søkjer etter personar med irritabel tarmsyndrom som vil delta i ein studie der forskarar skal undersøkje effekten av fekal mikrobiotatransplantasjon. Deltakarar får tilført tarmbakteriar frå friske givarar eller sin eigen tarmflora.

Denne måten å påverke tarmen sin bakterieflora på har vore gjort i forsking over fleire år utan uheldige konsekvensar.

Studien varer i 12 månadar.

I denne videoen forklarar seksjonssjef ved Seksjon for kliniske studiar ved Ålesund sjukehus, Dag Arne Lihaug Hoff, kvifor han oppmodar om å delta i ein slik studie.

Seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar, Dag Arne Lihaug Hoff, fortel om ein behandlingsstudie som tek føre seg effekten av transplantasjon av tarmbakteriar frå friske personar til pasientar med IBS.

Her er lenke til meir informasjon om studien og korleis du deltar.