På fredag den 13. januar kl. 10 opnar Ålesund Biomechanics Lab (ÅBL) sine nye lokale ved Ålesund sjukehus.
Ortoped Andreas Dalen og doktogradsstipendiatane Aleksander Skrede og Øystein Bjelland ser fram til opninga, og seier det er kjekt å sjå det endelege resultatet etter fleire års arbeid.
- Det er ganske mange år med mykje arbeid som ligg bak dette her. Så dette her er utruleg kult rett og slett, fortel Skrede.

Doktorgradsstipendiat ved NTNU Aleksander Skrede ser fram til å vise kva dei nye ÅBL-lokala har å by på.
Opninga vil føregå i samarbeid med NTNU, Helse Møre og Romsdal, Ortopedisk avdeling, og Sparebanken Møre.