Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Bokslepp på NTNU i Ålesund

Torsdag 5. desember var det tid for bokslepp og formell lansering av boka «Towards Sustainable Good Health and Well-being: The Role of Health Literacy». Tilstellinga gjekk føre seg i Smia i Sundebygget på Campus Ålesund. Boka er eit resultat av eit solid samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal, NTNU i Ålesund og fleire andre aktørar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 09.12.2024
Sist oppdatert 10.12.2024
En mann og en kvinne som holder en blå bok
Kst. forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug saman med ein av fyrsteforfattarane, Torstein Hole.

Konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug seier det var stor stas å få vere med på boksleppet.

- Gratulerer så mykje til redaktørane og forfattarane som saman har jobba fram denne verkeleg tverrfaglege, heilskapelege boka om tydinga av helsekompetanse for bærekraftige helsetenester hjå individ og organisasjonar. Temaet er godt forankra i både universitetets og spesialisthelsetenestens oppgåver, og eg trur den blir eit viktig springbrett for vidare samarbeid, ikkje berre lokalt innan utdanning og forsking mellom NTNU i Ålesund og helseføretaket, men og nasjonalt og internasjonalt, seier ho.

Berekraftige helsetenester  

Torstein Hole, overlege i kardiologi og professor ved NTNU, og Marit Kvangarsnes, forskingsrådgivar og professor ved NTNU, er redaktørar og forfattarar saman med professor Bodil J. Landstad ved Mittuniversitetet i Østersund, Elise Kvalsund Bårdsgjerde, førsteamanuensis ved NTNU og Sandra Elisabeth Tippett-Spirtou, universitetslektor ved NTNU.

Dei fortel at dei har prøvd å synliggjere korleis helsekompetanse både er viktig for å oppnå berekraftige helsetenester i framtida, og for å utjamne sosiale eller sosioøkonomiske forskjellar i helsetilbod eller bruk av helsetilbod.

- Helsedirektoratet peikar i nasjonal strategi for auka helsekompetanse på at helsekompetanse er viktig for effektive, berekraftige og likeverdige helsetenester. Dette er eit oppdrag til både utdanningsinstitusjonane og helsevesenet. Vi vonar at begge partar kan finne boka nyttig i både klinikk, utdanning og forsking, seier Hole.

Forfattarane har òg skrive ein kronikk som har vorte publisert i Sunnmørsposten og på NTNU Nyheiter. Du kan lese den her: Helsekompetanse for berekraft i helsetenester   - NTNU Nyheter

 

En kvinne som holder en presentasjon
Marit Kvangarsnes er ein av fyrsteforfattarane av boka. Her presenterer ho kapittel fire foran eit engasjert publikum. (Foto: Eli Anne Tvergrov/NTNU)

Håper mange til laste ned boka

Valderhaug påpeiker at framtidsbiletet er prega av auka press for helsetenestene, og at betre forståing for helsekompetanse kan spare oss for store ressursar ved at det kan verke førebyggande på sjukdom og at det kan føre til klokare bruk av helsetenester og gjere pasientar og pårørande betre rusta til å meistre eigen sjukdom og behandling når denne først inntreff.

- Boka ligg opent tilgjengeleg for nedlasting og eg håper at mange vil nytte denne moglegheita til å lese seg opp på dette særs viktige temaet, avsluttar ho.

 Les også: Ny bok om helsekompetanse og berekraft

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!