Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, rusbehandling

Korleis opplever menneske med ruslidingar å få medverke i tenestetilbodet sitt?

Ein fersk studie viser at brukarerfaring i større grad må gyldiggjerast i tenestelevering og at velferdsstatens målsetting om brukarmedvirkning er tvitydige, kor organisatoriske kapasitetsproblem hemmar moglegheitsrommet for brukarmedverknad.

Oslo Universitetssjukehus
Publisert 27.11.2023
En kvinne med blondt hår
I doktorgraden sin har Merethe Wenaas forska på brukarmedverknad for menneske med ruslidingar. Ho er seksjonsleiar ved TSB poliklinikk, Molde Behandlingssente. Foto: privat
Å bli pressa til ting som eg absolutt ikkje vil, det har eg gjort for mykje. Å bli stilt opp til ein vegg; enten gjere det ellers får eg ikkje hjelp. Det har nok med det at eg ikke er tydeleg nok...
"Emil", 23 år

Emils erfaringar med å få medverke i dei helse- og sosialtenestene han har behov for, illustrerer tematikken for Merethe Wenaas sitt doktorgradsarbeid. Kva erfaringar har menneske med ruslidingar med å få medverke i tenestetilbudet dei mottar? 

I Merethe Wenaas’ doktorgradsarbeid har ho utforska brukarmedverknad for menneske med ruslidingar. Wenaas har ein sosialfaglig bakgrunn og er per idag konstituert seksjonsleiar ved TSB poliklinikk, Molde Behandlingssenter. Rusfaget i rammen av TSB har vore ein viktig drivkraft for forskingsengasjement hennar. 

– Kva er innhaldet i forskingsprosjektet?

​​– Målet har vore å auke forståinga av korleis, og i kva grad, menneske med ruslidingar opplever å få medverke i tenestetilbodet sitt. Studien har utforska både brukaranes og tenesteutøvarnes sine forståingar av brukarmedverknad. Velferdsstatens styringsdokument har tydeleggjort at brukarmedverknad skal prioriterast, likevel viser forsking at det er vanskeleg for styringsorgan å ta innover seg dynamikken og kompleksiteten i liva til dei som er avhengig av hjelpeinstansar og samhandlinga mellom dei. 

– Kva fann dykk?

Funna er basert på tre artiklar, og oppsummerast i tre overordna punkt: 

1) Brukarerfaring må gyldiggjerast

Brukarane oppfatta å ha ein underordna rolle i samarbeidet med sine tjenesteytarar, og deres subjektive erfaringar blei i liten grad etterspurd. Når brukarerfaringane ikkje gyldiggjerast, vil dette oppretthalde maktubalansen mellom partane og hemme brukarmedverknad.

2) Velferdsstatens målsettingar er tvitydige

Ansvaret for å realisere brukarmedverknad er desentralisert til dei tenesteytarane som inngår i ansiktsnære relasjonar, uten at dette er artikulert i styringsdokument. Dette gir motstridande forventingar og uklar rollefordeling. 

3) Organisatoriske kapasitetsproblem reduserer moglegheitene for brukarmedverknad

Dei overordna måla er eintydig og lineært formulerte, og problemenes kompleksitet er tildekka. Organisatoriske kapasitetsproblem underkommuniserast i tilrettelegging av brukarmedverknad.

Ein sentral strategi hos tenesteutøvarane var å realitetsorientere brukar om tenestens avgrensingar, for å dempe brukarnes forventing og press på eigen arbeidskvardag. Dette vil hemme brukarmedverknad.

– Kvifor er dette viktige funn?

Mitt ønske med studien er å skape refleksjon om brukarmedverknadens potensiale og korleis den verker inn på den meiningsdanninga som dominerer i rusfeltet –  ein jamnleg tematisering av kva vi forstår med brukarmedverknad. Eg ønsker at fagfeltet skal sjå viktigheita av å skape arenaer for fagleg dialog om dette. Avhandlinga konkluderer at for å kunne realisere mål om brukarmedverknad i ansiktsnære relasjonar, krevjast andre tilnærmingar enn det dagens organisatoriske rammevilkår gir.

For å fremme reell brukarmedverknad, bør velferdsstatens mål om brukarmedverknad tydeleggjerast og forankrast både lokalt og på sentralt styringsnivå. Avhandlinga utfordrar rådande prinsipp for utvikling av praksisar innan rusfeltet, og framhevar betydinga av subjektforståinga i denne samanhengen. Det trengs meir forsking på brukarmedverknad der individforståing dannar premissa for politikk på området. For å skape ein felles forventingsavklaring når det gjeld kva brukarmedverknad skal innehalde, må sentrale aktørar fra brukarorganisasjonar, fagorganisasjonar, utdannings- og forskningssektoren og politiske styringsorgan ta del i dette arbeidet.

– Korleis kan dette bidra til å heve kvaliteten på pasientbehandlinga i TSB?

Som klinikar i rusfeltet i 25 år, med erfaring både fra kommune- og spesialisthelsetenesta, har eg vore opptatt av gode tenesteovergangar for pasientane. Gode forløp krev samhandling som er tilpassa pasientens behov og ønsker. Dette får vi ikkej til utan brukarmedverknad. Eg meiner feltet vårt fortsatt er fattig på forsking om brukarstemma.

– Kva betyding kan dette ha for TSB-leiarar? 

Ein jamnleg tematisering av kva vi forstår med brukarmedverknad i TSB, kor eg ønsker at TSB-leiarar og fagfeltet forøvrig skal sjå viktigheita av å skape arenaer for fagleg dialog om brukarmedverknad. Det er fint om avhandlinga kan bidra til å auke kunnskap om kva som kan hemme og kva som kan fremme brukarinvolvering i rusfeltet. Reell brukarmedverknad inneber at brukarkompetanse må anerkjennast og vektleggast i all tenesteutforming. Det er ikkje det same som at brukar skal bestemme over eiga behandling, men at dei blir aktivt involvert i avgjersler som har stor betyding for eiget liv.

Les heile artikkelen

Wenaas, M. (2023) Brukermedvirkning for mennesker med ruslideler - en kvalitativ studie innen rustjenester. Doktoravhandlinger ved NTNU;2022:316. NTNU. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/3026278

Wenaas, M. (2023) Brukermedvirkning for mennesker med ruslideler - en kvalitativ studie innen rustjenester. Doktoravhandlinger ved NTNU;2022:316. NTNU. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/3026278

Har du ny forsking om TSB som du vil formidle på tsb.no og i eiget nyhetsbrev for TSB-leiarar? Send ein e-post på tsb@ous-hf.no!