Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Forsking, forskingsinfrastruktur i Helse Møre og Romsdal
Desse blir Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar
Forskingsgruppene skal i tråd med HMR si satsing på forsking fungere som innovative fellesskap kor forskarar, stipendiatar og klinikarar kan utvikle banebrytande forsking lokalt, og i lag med regionale, nasjonale og internasjonale partnarar.
Petter Bjørklund
Publisert 22.03.2023
Sist oppdatert 10.07.2023
Seksjon for forsking og innovasjon gratulerer overlege i ortopedi Tommy Frøseth Aae og psykologspesialist Kristen Hagen som blir Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar!
Aae og Hagen skal etablere og leie kvar si forskingsgruppe innafor eit overordna fagområde, og blir dei aller første som tiltrer i dei nyoppretta stillingane.
Forskingsgruppene skal i tråd med HMR si satsing på forsking fungere som innovative fellesskap kor forskarar, stipendiatar og klinikarar kan utvikle banebrytande forsking lokalt, og i lag med regionale, nasjonale og internasjonale partnarar.
I forbindelse med tilsettingane vil det bli heldt ei open markering den 28. mars, kl. 09:00-10:30 i Festsalen ved Molde sjukehus.
Under markeringa vil Aae og Hagen presentere forskingsgruppene sine, samstundes som fagdirektør Erik Solligård vil halde tale før det blir servert kaffi og kake.
Om leiarane og gruppene deira
Tommy Frøseth Aae er overlege ved Ortopedisk avdeling i Kristiansund, og har sida 2022 hatt ei delstilling som forskar ved HMR. I tillegg er han gjesteforskar ved NTNU og birettleiar for ein doktorgradsstipendiat.
Han avla doktorgraden sin i 2021, og skal leie den tiltenkte forskingsgruppa OrtoForsk-KSU. Gruppa skal med ein multidisiplinær tilnærming forske på ulike aspekt ved artrose.
Gruppa til Aae er beskrive som eit multilateralt samarbeid mellom allereie etablerte forskingskontaktar, og kor etablering av nye forskingssamarbeid har fokus.
Psykologspesialist og førsteamanuensis NTNU, Kristen Hagen held til ved Knausensenteret i Molde. Han har mellom anna sida 2014 jobba med oppbygginga av eit OCD-team som arbeider med pasientar med tvangslidingar.
I tillegg har han hatt ei stilling ved forskingssenteret Bergen Center for Brain Plasticity, og er hovudrettleiar for fire doktorgradsstipendiatar.
Hagen skal leie Forskingsgruppa for angst og tvangsliding i Helse Møre og Romsdal. Gruppa skal ha eit fokus på klinikknær og translasjonell forsking knytt til angst, tvangslidingar og andre relaterte område.
Saman med ei auking i forskingsaktivitet, forskingsrelaterte stillingar og tal på doktorgradsstipendiatar i HMR dei siste åra, vil forskingsgruppene til Aae og Hagen vere betydelege bidragsytarar for utvikling av kompetanse og forsking innan ulike fagområde og helseføretaket som heilskap.
Meir utdjupande informasjon om kvar av forskargruppene kjem ved eit seinare tidspunkt.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.