Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, disputasar 2024

Disputas: Kartlegging av det kirurgiske tenestetilbodet i Liberia

Håvard Askim Adde disputerte for ph.d.-graden i medisin ved Fakultet for medisin og helsevitskap ved NTNU med avhandlinga «Understanding the Present to Better Build the Future. A Nationwide Evaluation of the Surgical Environment, its Workforce, Operative Output, Geospatial Accessibility, and Associated Economic Value in Liberia».

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 03.04.2024
Sist oppdatert 14.05.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Adde i midten saman med settedekan, hovudrettleiar og opponentar. Foto: privat.

Prøveforelesning og disputas fant stad 18. mars frå kl. 10.15 i auditoriet MTA i Fred Kavli-bygget.

Kandidatens rettleiarar har vore førsteamanunesis Håkon Angell Bolkan og Aalke Johan van Buinen, begge NTNU.

Følgjande komité har bedømd arbeidet:

Førsteopponent: Professor Kathryn M. Chu, University og Stellenbosch, South Africa
Andreopponent: Docent David Ljungman, Göteborgs universitet
Førsteamanuensis Gudrun Maria Waaler, Bjørnelv, NTNU

Professor Sigrid Nakrem leia disputasen.

Program

Kl. 10.15: Prøveforelesning ”Methodological considerations in establishing the surgical burden of disease and the qualitative assessment of surgical capacity”

Kl. 12.15: Presentasjon og forsvar av avhandlinga

Samandrag av prosjektet

Ei landsomfattande kartlegging av det kirurgiske tenestetilbodet i Liberia

Verda er i stadig endring, men enkelte ting forblir konstante. Behovet for omsorg og hjelp dersom ein skulle bli sjuk eller skadd, er heilt grunnleggjande for alle menneske. I eit globalt perspektiv er retten til helsehjelp høgt prioritert gjennom FN sine berekraftsmål. Diverre er det slik at svært mange menneske verda over manglar tilgang til grunnleggjande helsetenester; fem av sju personar manglar tilgang til trygge og rimelige kirurgiske tenester dersom dei skulle ha behov for det. Blant dei som når fram til behandling i tide, vil mange bli skubba ut i fattigdom. Ein velfungerande kirurgisk teneste er absolutt naudsynt for å ha eit sterkt helsevesen. Ein ung mann med akutt blindtarmbetennelse, ei ung kvinne med fødselskomplikasjonar og eit barn med lyskebrokk vil alle ha behov for kirurgisk ekspertise. Ein operasjon kan redde livet til desse menneska.

Vest-Afrika er den regionen i verda med størst kirurgisk sjukdomsbyrde. Det er òg

Et par menn i dress
F.v: Håvard Askim Adde og Håkon Bolkan. Foto: privat.

den regionen der færrast operasjonar blir utførte per innbyggjar. Liberia er eit lite vestafrikansk land som før 1980 var blant dei meir velutvikla landa i regionen. På 80-talet førte politisk ustabilitet til ein brutal borgarkrig som etter kvart også spreidde seg til nabolandet Sierra Leone. Borgarkrigen førte til at mange legar flykta, og viktig infrastruktur vart øydelagd. Den påfølgjande helsekrisa vart ytterlegare forverra mellom 2014 og 2016 då ebolavirusutbrotet herja i Vest-Afrika. I åra etter utbrotet har helsearbeidarar, politikarar og organisasjonar arbeidd for å styrkje kapasiteten i helsevesenet. I ein slik prosess er ein avhengig av å forstå det eksisterande systemet for å kunne peike ut ein målretta kurs vidare. Avgjerdstakarar må ha eit godt informasjonsgrunnlag for å kunne treffe gode avgjerder. Den overordna målsetjinga til dette forskingsprosjektet har difor vore å finne god informasjon om den kirurgiske helsetenesta i Liberia slik at helsepolitikarar kan gjere gode og effektive prioriteringar.

Vi gjennomførte ei nasjonal kartlegging av alle sjukehus, helsesenter og klinikkar i Liberia som gjennomførte operasjonar inne på ein operasjonsstove mellom september 2017 og august 2018. Alle desse kirurgiske fasilitetane vart besøkte, og vi henta ut informasjon frå operasjonsloggbøker, samt ved intervju av klinisk og administrativt personell ved bruk av strukturerte spørjeskjema. Vi inkluderte 51 av dei totalt 52 kirurgiske fasilitetane som finst i landet. Nasjonalt vart det gjennomført 19 751 årlege kirurgiske prosedyrar, noko som svarar til 462 operasjonar per 100 000 innbyggjar. Dette ekvivalerer omtrent 9% av det antatte behovet i befolkninga. Sjukehusa utførte eit svært avgrensa utval kirurgiske prosedyrar, og svært få operasjonar vart til dømes gjennomførte innanfor ortopedi og skadebehandling. Om lag 60% av alle operasjonar vart gjennomførte av leger utan spesialisert utdanning innanfor kirurgi. Det var stor mangel på spesialistar, og dei aller fleste arbeidde i hovudstaden Monrovia. Vi estimerte at omtrent 60% av befolkninga ikkje vil klare å reise til eit sjukehus med eit grunnleggjande kirurgisk tenestetilbod innan to timar dersom dei skulle ha behov for det. Mange sjukehus gjennomfører eit svært avgrensa utval av dei mest grunnleggjande operasjonane. Dei operasjonane som vart gjennomførte, derimot, gir ein økonomisk gevinst på mellom 35 og 141 millionar amerikanske dollar årleg. Den attverande sjukdomsbyrda i befolkninga som ikkje blir behandla, fører til store produktivitetstap. Desse tapa er berekna til å ligge mellom 388 millionar og 1,6 milliardar amerikanske dollar årleg, noko som svarar til mellom 11% og 46% av det årlege bruttonasjonalproduktet for Liberia.’

Denne doktorgradsavhandlinga har dokumentert eit svært lågt tal operasjonar per innbyggjar i Liberia, og det er rimeleg å anta at det udekte kirurgiske behovet i befolkninga er betydeleg. Til samanlikning vart det i Sverige i 2012 gjennomført rundt 15 000 operasjonar per 100 000 innbyggjar. Sjølv om nøyaktige tal ikkje er tilgjengelege for Noreg, er det estimert at talet operasjonar er endå høgare ved norske sjukehus.

Avstanden er betydeleg frå dei 462 operasjonane per 100 000 innbyggjar som gjennomførast årleg i Liberia. Manglande spesialistkompetanse og dårleg tilgang på grunnleggjande infrastruktur og utstyr, som til dømes blodprodukt, tyder òg på at mange av dei faktisk gjennomførte operasjonane ikkje er trygge. Den manglande tilgangen til trygge og effektive kirurgiske tenester har alvorlege konsekvensar, ikkje berre for den enkelte pasient, men òg for den økonomiske utviklinga i landet.

Det er eit enormt behov for å styrkje den kirurgiske kapasiteten i Liberia, og informasjonsgrunnlaget som er henta fram gjennom dette prosjektet, kan støtte beslutningstakarar i å gjere gode prioriteringar framover.

 

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​