Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsgrupper, forskingsnyheiter

Endre Grøvik ny leiar for forskingsgruppe med fokus på kunstig intelligens

Grøvik skal leie forskingsgruppa AIMI – AI in Medical Imaging. Gruppa skal blant anna sjå på korleis ein kan nytte KI-teknologi for å revolusjonere måten medisinsk bildebehandling blir brukt på i pasientomsorg, og å presse grensene for tidleg diagnose og persontilpassa behandlingsstrategiar. 

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 07.06.2024
En mann med briller
Endre Grøvik skal leie forskingsgruppa AIMI. (Foto: Petter Bjørklund/HMR)

Dette er ei moglegheit Grøvik har venta på lenge.  

– Eg har tenkt på dette sidan eg begynte i helseføretaket som fysikar. Eg har tidlegare jobba mange år som forskar ved Oslo universitetssjukehus, og eg har opparbeida meg eit bra forskingsnettverk både nasjonal og internasjonalt, fortel Grøvik. 

Han sit òg som leiar i ein forskingskomité for Klinikk for diagnostikk, kor eit av måla er å skape ein forskingsstruktur på alle avdelingane innan klinikken. 

Bruk av KI for å oppdage kreft 

Forskingsgruppa AIMI samarbeider bl.a. med Stanford University og Oslo universitetssjukehus. Gjennom desse samarbeida har Grøvik i mange år forska på korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast til å oppdage ulike former for kreft på MR-bilete, og hans forskingsgruppe er i front internasjonalt på dette feltet .  

Forskingsgruppa samarbeider òg med NTNU for å bruke generativ KI til å lage syntetiske MR-data av fiktive pasientar. 

- Vi har laga en KI-modell som kan lage syntetiske bildedata av pasientar som ikkje finst - altso MR-data av fiktive pasientar. Per no har vi laga bildedata til omtrent 40 000 fiktive pasientar med hjernemetastase, seier Grøvik. 

Sidan pasientane er fiktive er dei heller ikkje underlagt noko personvern. Difor er desse syntetiske dataa tilgjengelege for alle som ønsker å bruke dei. Grøvik fortel at dei syntetiske bileta kan òg bidra til å gjere andre KI-modeller betre - ved å auke datamengda og spesialtilpasse desse til å sjå på spesifikke utfordringar som dagens KI-modellar står ovanfor. 

– Den syntetiske modellen vår er i dag så god til å lage realistiske MR-bilete at erfarne radiologar ikkje klarer å skilje dei ekte pasientane frå dei fiktive, seier Grøvik. 

I front på KI-forsking nasjonalt – og internasjonalt 

 
Forskingsgruppa kjem også til å ha eit stort fokus på klinisk implementering av KI-verktøy.  

–  Vi kommuniserer med sentrale myndigheiter for å få på plass retningslinjer. Vi må få på plass føringar for korleis vi skal ta i bruk og validere KI-verktøy for det er ei veldig upløgd mark akkurat no, seier Grøvik. 

Han har òg klare ambisjonar for forskingsgruppa.  

–  Det er å vere i front på KI-forsking nasjonalt. Men du kan seie at på enkelte område, som segmentering av hjernemetastasar, så er forskinga vår i front internasjonalt òg. Så målet er å drive dette feltet framover, å forme det for det norske helsevesenet. Det er ei hjartesak for meg at gruppa skal bidra til å få KI implementert slik at det kjem pasientane til gode. Og så er ambisjonen sjølvsagt å bygge opp eit sterkt forskingsmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi skal søke forskingsmidlar og sørge for at vi har ein jamn straum av gode forskarar til regionen vår i åra framover, avsluttar Grøvik. 

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​ #forskinghmr