Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Ny forsking viser at fedmeoperasjon fører til betre lungekapasitet

Ein nyleg publisert studie der forskarar frå Ålesund sjukehus er med viser at gastrisk bypass fører til ei betring i lungekapasiteten. Men samstundes var det ingen betydelig samanheng mellom graden av vekttap og betring i lungefunksjon. Oppsiktsvekkjande, meiner forskarar.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 08.03.2024
Sist oppdatert 20.06.2024
Person som står på vekt

Foto: colourbox.com

Fedme og sjukelig overvekt kan bidra til redusert lungekapasitet blant anna ved at luftvegane kan bli innsnevra, og at respirasjonsmotstanden aukar. Men kan vektreduksjon etter gastrisk bypass motverke dette?

BAROBS-prosjektet (Bariatric surgery observation study) er eit regionalt prosjekt som undersøkjer langtidseffektar etter fedmekirurgi. I perioden 2018-2020 fekk alle som var opererte tilbod om ein 10-årskontroll ved sjukehuset dei var opererte på. I Ålesund var det 198 pasientar som deltok i denne studien for å sjå om lungefunksjonen deira hadde betra seg.   

Overlege i lungesjukdom og førsteforfattar av artikkelen, Kjetil Roth, fortel at det blei teke spirometri av alle pasientane før operasjonen og meir enn 10 år etter.

– Det var 59 personar som hadde nedsett lungekapasitet frå før. Det var denne gruppa vi var mest interessert i, seier han. – Det som er oppsiktsvekkjande her er at 10 år etter så var det 75 prosent som ikkje hadde nedsett lungekapasitet lenger. Vi trudde det skulle ha ein samanheng med kor mykje reduksjon dei hadde i body mass index (BMI), altså dess lågare BMI dei hadde fått, jo betre blei lungefunksjonen. Men det var ingen samanheng. Det kan jo hende at vekta speler ei rolle, men det var på ingen måte noko lineært forhold mellom nedgang i vekt og betring av lungefunksjonen, forklarer Roth.

Bilete av Roth på kontoret sitt
Kjetil Roth var førsteforfattar av artikkelen, og meiner funna er oppsiktsvekkjande. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

 

Overraskande

Maria Støle og Ingvild Vadseth er òg overraska over funna. Dei er tidlegare medisinstudentar ved NTNU, og det er hovudoppgåva deira i medisin som er grunnlaget for artikkelen. Det var dei to som gjekk gjennom spirometridata til pasientane frå før operasjonen og ved deltaking i BAROBS 10-15 år etter.

– Ei hypotese er at det kanskje ikkje er vekta som har størst betyding for lungefunksjonen, men deltakarane si type fedme. Vi fekk dessverre ikkje moglegheit til å undersøke denne hypotesen nærare, då vi i datasettet mangla informasjon om deltakarane sine midjemål, seier Støle og Vadseth.

Roth meiner det er viktig å påpeike at gastrisk bypass kan vere eit tiltak for personar med alvorleg fedme som slit med nedsett lungefunksjon. – Dei aller fleste får normalisert lungekapasitet etter ein slik operasjon. Det kan vere andre årsakar til dette enn sjølve vektreduksjonen. Men dette må andre studiar undersøke nærare, påpeiker han.

Suksessfullt samarbeid

Roth roser samarbeidet med Støle og Vadseth. – Det er dei som har gjort mesteparten av arbeidet, seier han.

Studentane skreiv oppgåva våren 2022. Dei fortel at takka vere digital kommunikasjon, både med kvarandre og med veiledarane, kunne dei opphalde seg i ulke byar og arbeide med andre prosjekt parallelt med hovudoppgåve-skrivinga.

 – Vi sit igjen med eit inntrykk av at å kommunisere digitalt bidrog til eit meir fleksibelt og effektiv samarbeid og enklare logistikk. Vi fekk alltid rask tilbakemelding frå veiledarane, hadde hyppig kontakt og gjennomgåande god faglig støtte i arbeidet, fortel dei.

Bilete av Maria og Ingvild som presenterer funna sine på Fedmeforskingsdagane
F.v.: Maria Støle og Ingvild Vadseth på Fedmeforskingsdagane 2022. (Foto: privat)

Det var først då Støle og Vadseth var på fastlege-praksis i Ålesund hausten 2022 at dei møtte veiledarane sine fysisk for fyrste gong. Same haust fekk dei moglegheit til å halde eit innlegg om forskingsfunna sine på Fedmeforskingsdagane 2022.

Det var Roth og overlegane og forskarane Dag Arne Lihaug Hoff og Jorunn Sandvik som var veiledarane til studentane.

 

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​ #forskinghmr​​