Forsking, forskingsinfrastruktur i Helse Møre og Romsdal
Feira opprettinga av eigen seksjon for kliniske studiar
Den nyoppretta Seksjon for kliniske studiar (SKS) skal mellom anna jobbe for å legge til rette for deltaking i kliniske studiar i Helse Møre og Romsdal, og vil samarbeide tett med Seksjon for forsking og innovasjon.
Seksjon for forsking og innovasjon (SFI) gratulerer med opprettinga av den nye Seksjon for kliniske studiar (SKS) i Helse Møre og Romsdal!
SKS vil ha fokus på kliniske studiar knytt til HMR. I tråd med nasjonal satsing skal seksjonen mellom anna jobbe for å legge til rette for at fleire pasientar kan delta i slike studiar.
Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utført på menneske for å undersøke verknad av ulike behandlingsmetodar, mellom anna trenings- og rehabiliteringsprogram, nye legemidlar, eller bruk/utvikling av medisinsk utstyr.
Lær meir om kliniske studiar: Kva er kliniske studiar?
Nasjonal handlingsplan for kliniske studiar har som mål at tal på kliniske studiar er dobla i perioden 2021-2025 og at andelen pasientar i spesialisthelsetenesta som deltar i slike studiar er på 5 prosent i 2025.
- Resultat frå kliniske studiar kan vere med å endre diagnostikk og behandling, noko som kan skape nye framgangsmåtar og luke vekk dei som er unyttige, fortel seksjonssjef i SKS, Dag Arne Lihaug Hoff.
Nært samarbeid med Forsking og innovasjon
Hoff er tidlegare forskingssjef i SFI, og skal no leie den nyoppretta seksjonen. Han fortel at SKS har som mål å sikre eit fokus på studiar som har potensial til å kunne skape gevinstar for pasientane og helsetenesta.
- SKS skal gjere seg nyttig, og i lag med SFI ser eg fram til mykje godt arbeid og utvikling av seksjonane som skal kome pasientane og "klinikar-forskaren" i Helse Møre og Romsdal til gode, seier Hoff.
SEKSJONSSJEF: Gastroenterolog og tidlegare forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff skal leie den nyoppretta Seksjon for kliniske studiar. (Foto: Kristin Støylen)
Hoff seier at kliniske studiar og klinisk forsking heng nært saman, noko som gjer det naturleg å jobbe tett saman for den optimale forskingsstøtte. Forskar og forskingsrådgjevar i SFI, Tone Seim Fuglset ser fram til samarbeidet mellom seksjonane.
- SFI og SKS skal samarbeide tett med kvarandre med mål om å bidra til å nå desse nasjonale målsettingane, fortel Fuglset.
Nye lokale ved Klinisk Forskingspost
Opprettinga vart feira med ei markering ved dei nye lokala til Klinisk Forskingspost (KF) ved Ålesund sjukehus.
KF er ein operativ forskingseining i føretaket med dedikerte laboratorie- og behandlingsareal. Forskingsposten opna i 2017 med føremål om å drive fram forsking ved sjukehusa, og er ein sentral eining for drift av kliniske studiar i HMR.
Ein tilsvarande forskingspost skal opprettast ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset.
Les meir om KF her: Klinisk Forskingspost og Biobank1
I ARBEID: Klinisk Forskingspost er ein operativ forskingseining med dedikerte laboratorie- og behandlingsareal i HMR med base i Ålesund. Ein tilsvarande eining skal opprettast ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (Foto: Hege Hegle)
Under markeringa møttest tilsette for å feire opprettinga med tale frå Hoff og kaffi og kake. I seksjonen finn ein mellom anna legar, bioingeniørar, studiesjukepleiarar- og koordinatorar, statistikar og monitor med dagleg virke frå alle delar av helseføretaket.
Til saman utgjer dei eit mangfaldig kollegium og nettverk for klinisk forskings- og studiestøtte både lokalt og regionalt.
KAFFI OG KAKE: Tilsette og klinisk studiepersonell møttest for å feire opprettinga med tale, kaffi og kake (Foto: Petter Bjørklund)
Tydeleg ambisjon om å styrke klinisk studiestøtte
Hoff og dei tilsette i seksjonen seier det kjennast godt å få etablert ein dedikert eining med mål om å drive fram forsking og klinisk studiestøtte i føretaket.
- Vi er ein gjeng som har ein tydeleg ambisjon om å arbeide for og styrke denne støtta ytterlegare. Opprettinga av eit samla nettverk gjer at vi kan arbeide meir fokusert og utvikle eit dynamisk tilbod.
Fagdirektør Erik Solligård gratulerer Hoff og dei tilsette i SKS med opprettinga. Saman med dei andre seksjonane under Fagavdelinga ser han fram til eit godt samarbeid med SKS i tida som kjem.
- Gjennomføringa av kliniske studiar bidrar til auka kunnskap som kan gi tryggare og betre pasientbehandling. Den nasjonale handlingsplanen legg mellom anna vekt på eit betre og meir mangfaldig tilbod om deltaking i kliniske studiar, og SKS vil vere ein sentral aktør i dette nasjonale og lokale oppdraget, seier Solligård.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.