Fekk støtte til doktorgradsprosjekt om hjerneslag
Hjerneslag er fortsatt ein leiande årsak til funksjonssvikt hos eldre, og kognitiv svikt etter hjerneslag førekjem hyppig. Symptoma kan vere så alvorlege at dei fører til demens.
Kognitiv svikt tidlig i forløpet av hjerneslag kan sjåast i samanheng med den aktuelle hjerneskada og/eller ei sårbarheit før slaget. Hos mange vert det i tillegg observert ei forverring av kognitiv funksjon i lengre tid etter slaget, forklarar Heidi Vihovde Sandvig. Sandvig søkte om støtte frå Samarbeidsorganet i juni og fekk nettopp gladmeldinga om at ho fekk tilslag.
-Det er veldig artig å få tildelt midlar og eg gler meg til å kome i gong. Eg har i lang tid vore interessert i å starte forsking på dette emnet, jublar Sandvig som er kst. Overlege og seksjonsleiar for medisinske legar ved Klinikk Kristiansund sjukehus.
Ønsker betre behandling for pasientane
I prosjektet «Impact of inflammation on cognitive functioning and brain pathology in stroke survivors» ønskjer vi å belyse kva betennelsesprosessar har å seie for utvikling av kognitiv svikt etter hjerneslag. Hjerneslag forårsakar ein akutt betennelse på grunn av vevsskade, medan kronisk lavgradig betennelse har blitt assosiert med karsjukdom, hjernesvinn og kognitiv svikt. Fram til no har småkarsjukdom vist seg å vere den viktigaste risikofaktoren for å utvikle demens etter hjerneslag, medan samanhengen mellom hjerneslag, småkarsjukdom, hjernesvinn, akutt og kronisk betennelse er lite undersøkt. På lang sikt, så håpar vi at slik kunnskap kan bidra til betre behandling av pasientar med hjerneslag.
Klinikksjef gratulerer: Positivt for fagmiljøa og pasientar
-Vi er glad og stolt over denne tildelinga, seier Åge Austheim konstituert klinikksjef ved Kristiansund sjukehus. Eit godt geriatrisk miljø vil med dette verte utvikla vidare, til det beste for pasientane. Det er eit sterkt ønske om å styrke forsking og det er gledeleg at ein kan gjere dette innanfor indremedisin i Helse Møre og Romsdal. Heidi Sandvigs doktorgradsprosjekt er eit samarbeidsprosjekt på tvers: her er fem sjukehus og NTNU involvert. Å styrke forsking innan geriatri/hjerneslag er eit prioritert område, samtidig som hjernehelsesatsing og er viktig nasjonalt og lokalt. Mange pasientar får hjerneslag og kognitiv svikt, så auka kunnskap om desse tilstandane og samanhengane er både viktig og verdifull.
Bidrar til viktig kunnskap om årsak til utvikling av kognitiv svikt
-Prosjektet er ein viktig delstudie av Norwegian Cognitive Impairment After Stroke (Nor-COAST) -studien, ein kohortstudie som inkluderte 815 pasientar med hjerneslag innlagt ved fem norske sjukehus i perioden 2015-2017, for deretter å følge dei opp etter 3, 18 og 36 månader. Det blei samla kliniske data, biomarkørar (MR-bilete og blodprøver) og utført omfattande kognitiv testing. Ved å studere samanhengen mellom markørar for betennelse, småkarsjukdom, hjernesvinn og utviklinga av kognitiv svikt, vil denne studien bidra til viktig kunnskap om årsakene til utvikling av kognitiv svikt etter hjerneslag, avsluttar Sandvig.