Forskingsnyheiter
Fem av ti HMR-søknadar fekk forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet!
- Eg er veldig stolt og glad over at vi fekk tilsalg på halvparten av søknadane våre. Tildelinga viser at vi har mange dyktige forskarar og solide forskingsmiljø som driv nyskapande og spanande prosjekt med høg kvalitet, seier forskingssjef Anne-Sofie Furberg.
- Eg er veldig stolt og glad over at vi fekk tilsalg på halvparten av søknadane våre. Tildelinga viser at vi har mange dyktige forskarar og solide forskingsmiljø som driv nyskapande og spanande prosjekt med høg kvalitet.
Det seier forskingssjef i HMR, Anne-Sofie Furberg, som på vegne av Seksjon for forsking og innovasjon jublar over at 5 av 10 søknadar frå helseføretaket fekk forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet!
HMR-søknadane kjempa mot 224 andre søknadar i tildelinga av søkbare forskingsmidlar frå Helse Midt-Norge RHF, som vart vedteke av Samarbeidsorganet.
Søknadane vart vurdert av vitskapelige komitear. Alle søknadar som vart sendt til vitskapelig vurdering vil få tilsendt skriftleg tilbakemelding i løpet av dei nærmaste vekene.
Tildelinga av regionale forskingsmidlar vil vere eit viktig ledd for å oppretthalde den positive utviklinga av forsking i HMR og styrke forskingsmiljøa i helseføretaket, fortel Furberg.
- Det er også spesielt gledelig at tildelingane går til studiar der føretaket speler ei viktig rolle nasjonalt og til forskarrekruttering og postdoktor-løp, legg ho til.
Desse HMR-søknadane fekk forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet innafor følgande kategoriar (i parantes):
1. Juni Songe Paulsen: Multiple myeloma in the era of novel drugs - Responses, survival and complications in the Norwegian real-world setting (doktorgradsstipend – kjent kandidat)
2. Inger Hilde Hagen: Digitalt hjemmesykehus for premature barn - foreldrenes perspektiv (doktorgradsstipend – ukjent kandidat)
3. Bardo Driller: RE-IMAGINE: Re-imagining care for people living with cancer in Norway – can lay health workers provide an effective, feasible and acceptable model? (Postdoktor-stipend)
4. Erland Hermansen: The NORDSTEN-study (The NORwegian Degenerative spondylolisthesis and spinal STENosis study) (forskarstipend)
5. Solveig Kristin Roth Hoff AIMS Norway- Artificial Intelligence in Mammography Screening in Norway (prosjektmidlar)