Forsking, antibiotika

Forskar på antibiotika mot lungebetennelse hos førskulebarn

Helse Møre og Romsdal deltar i ein omfattande studie som undersøkjer i kva grad antibiotika verkar mot lungebetennelse hos førskulebarn. Resultata av studien kan ha stor innverknad på retningsliner for behandling av barn over heile verda, seier overlege Torbjørn Nag ved Ålesund sjukehus.

Petter Bjørklund
Publisert 09.01.2023
Sist oppdatert 29.03.2023
En mann og en kvinne som poserer for et bilde
Overlege Torbjørn Nag og studiesjukepleiar Trine Solevåg (Foto: Petter Bjørklund)
Lungebetennelse kan skuldast både bakteriar og virus. Mykje tyder på at det i industrialiserte land er virus som dominerer. Likevel tilrår dei fleste internasjonale retningsliner at alle får antibiotika, som kan føre til eit overforbruk og resistensutvikling. Det er store forskjellar i korleis barn behandlast mellom ulike land, sjukehus og til og med enkeltlegar. Forskjell på total sjukeligheit og dødelegheit ser likevel ut til å være liten.

- Det er store forskjellar knytt til korleis barn behandlast rundt om i verda. Dei fleste vil behandle kliniske lungebetennelsar liberalt med antibiotika, men vi trur dette berre vil verke på bakteriar. Norsk tradisjon har vore å være meir tilbakehalden med antibiotika og i stor grad bruke supplerande undersøkingar, seier overlege Torbjørn Nag ved Barne- og ungdomsavdelinga på Ålesund sjukehus​

I ein klinisk utprøvingsstudie initiert av Oslo Universitetssjukehus (OUS) undersøkjer Nag i lag med samarbeidande forskarar frå andre sentre i Noreg i kva grad antibiotika fungerer mot lungebetennelse hos barn frå ein- til femårsalderen. Vi samtala om studien med Nag og Trine Solevåg, som arbeider som studiesjukepleiar i studien.

350 ulike deltakarar nasjonalt
Denne sokalla «NAPiC»-studien (Norwegian Antibiotics for Pneumonia in Children Study) vert satt i gang i 2018, og har i skrivande stund rundt 350 ulike deltakarar på tvers av senterane. Ålesund sjukehus har med sine 59 deltakarar rekruttert nest flest etter OUS, og har ein god inklusjonsrate med tanke på sjukehusstørrelse. 

Klinikksjef Elisabeth Siebke seier det er kjekt å sjå at Barneavdelinga er ein tydelig bidragsytar til denne studien og nasjonal antibiotikaforsking.

- Det er veldig gøy at Barneavdelinga verkeleg sett seg på kartet nasjonalt innan forsking på antibiotikabruk til barn. Vi håpar studien kan gje meir presise svar på om barn skal ha antibiotika ved slike luftvegsinfeksjonar.


For å undersøkje dette vil Nag og medforskarane sjå på effekten av ei sju-dagars behandling med amoxicillin samanlikna med ein narremedisin (placebo), og vurdere i kva grad dette fører til reduserte symptom og raskare betring. I tillegg ønskjer dei å sjå på i kva grad blodprøver, røntgenbilete og mikrobiologiske prøver kan predikere ein behandlingseffekt. 

- Amoxicillin er eit av verdas mest brukte antibiotika. Det er det som er tilrådd internasjonalt mot lungebetennelse, og er trygt å bruke. Alle barn som i Noreg normalt sett ville fått antibiotika, vert teke ut av studien og behandla opent. Deltakarane vil ha dagleg kontakt med studiepersonell for å registrere symptom og ha open retur til sjukehuset inntil dei er bra.

​​- Antibiotikaresistens er «medisinanes eiga klimakrise»​

Vidare ser dei på om behandlinga kan føre til utvikling av bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika (antibiotikaresistens). Slik resistens er eit kraftig aukande problem på verdsbasis på grunn av feilaktig og unødig bruk av antibiotika.

HelseNorge​ fortel mellom anna at antibiotika ikkje fungerer på virusinfeksjonar, og at mange infeksjonar ofte går over av seg sjølv utan antibiotikabehandling. Nag omtalar antibiotikaresistens som «medisinanes eiga klimakrise», og fortel at det kan bli eit mykje større problem på lang sikt.

- 60 % av antibiotika nyttast til luftvegsinfeksjonar, og ingen bruker meir antibiotika enn førskulebarn. Vi tenkjer det er viktig å få ein meir presis antibiotikabruk for å kunne redusere den. Viss du har resistente bakteriar som ikkje svarer på medisinar, kan ein risikere at infeksjonar som i dag er ganske ufarlege kan bli eit stort problem i framtida. Behandling som cellegift og kirurgi kan bli for farleg å gjennomføre i ei verd der antibiotika ikkje verkar.

Utprøvinga føregjeng på ni norske barneavdelingar¬—ei av dei er Ålesund sjukehus kor Nag og Solevåg held til. I behandlinga får kvar pasient ei medisinflaske merka «studiemedisin». Innhaldet i flaska vil enten være amoxicillin, eller ei væske som liknar på smak og utsjånad, men som ikkje er antibiotika (placebo).

Basert på kva innhald pasientane får blir dei plassert i ei av to ulike grupper som skal samanliknast med kvarandre. Verken pasientane, dei pårørande, legane, eller studiesjukepleiarane veit kven som kjem i kva gruppe. NAPiC-studien markerer første gong kor forskarar har samanlikna antibiotika mot placebo hos barn med lungebetennelse på sjukehus.

- Det er ikkje mange land i verda ein slik studie kan gjennomførast fordi det vil bli sett som for skummelt å vente med antibiotika. Hos oss er dette vanleg praksis.

Ei frivillig og utvida naseprøve vert teke to veker og seks månadar etter avslutta behandling for å undersøkje eventuell antibiotikaresistens og korleis antibiotikumet påverkar dei normale bakteriane i kroppen (bakteriefloraen).

- Vi har masse snille bakteriar i kroppen som er med på å stabilisere mellom anna tarmen. Når vi gjev antibiotika så blir også disse påverka, og vi kan få biverknader som diaré. Mykje er framleis ukjent om kva antibiotika gjer med resten av kroppen.​

Kan ha stor innverknad på internasjonale retningsliner​
Nag fortel at studien kan ha stor innverknad på internasjonale retningsliner for behandling av lungebetennelse hos barn. Ein tanke er at det kan bidra til å regulere bruken av antibiotika i framtida.

- Viss det viser seg at antibiotika har lite effekt på lungebetennelse tenkjer vi at det vil kunne påverke antibiotikabruken i heile verda. Alternativt håpar vi å kunne bidra til en meir presis antibiotikabehandling der dei som trenger behandling får det, og at dei som ikkje treng det, ikkje utsettast for antibiotika. Viss resten av verda kunne komme ned på Noregs nivå ville det vært eit stort framsteg.

Studien er finansiert av KLINBEFORSK: ei nasjonal satsing for å rekruttere fleire pasientar til kliniske utprøvningsstudier. Oslo Universitetssjukehus (OUS) er ansvarleg for studien. Prosjektleder er overlege Håvard Ove Skjerven ved OUS.​ Les meir om NAPiC-studien her.​

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet i Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!