Mange personar med alvorleg rusavhengnad har problem med handtering av vanskelege kjensler (emosjonell dysregulering), og opplever posttraumatisk stress (PTSD) som følgje av alvorlege traume.
Trass ressurskrevjande behandling får opptil 75% av ruspasientar tilbakefall til rus etter enda behandling. Av desse har særleg dei med emosjonell dysregulering og PTSD høg tilbakefallsrate.
- Vi har sett at personar med rusavhengnad ofte har uttrykk som er forbunde med PTSD og kjenslemessig instabilitet. Denne pasientgruppa har eit stort lidingstrykk og høg dødelegheit, og det har vore motiverande for oss å sjå om vi kan skape forbetringar innafor feltet, seier doktorgradsstipendiatane Johanna Vigfusdottir og Edvard Breivik.
Nasjonal og internasjonal oppmerksemd
I doktorgradsprosjektet deira undersøker Vigfusdottir og Breivik i kva grad det er gjennomførleg og relevant å tilby ein kombinasjon av «dialektisk åtferdsterapi» (DBT) og «narrativ eksponeringsterapi» (NET) som behandling for personar med alvorleg rusavhengnad.
Studien føregår ved Molde behandlingssenter. Her vil alle innlagde pasientar frå februar 2021 til februar 2024 få tilbod om å delta i studien som tillegg til den vanlege behandlinga dei får ved senteret.
Prosjektet markerer første gong kor forskarar har vore ute etter å undersøke kombinasjonen av kjenslereguleringstrening og traumefokusert terapi for behandling av denne pasientgruppa.
Pasientar ved Molde behandlingssenter får tilbod om å delta i studien som tillegg til den vanlege behandlinga dei får. (Foto: Petter Bjørklund)
I tillegg satsar dei på å kunne delta på ein internasjonal konferanse i Sør-Korea.
- Vi er glade for at andre har vist interesse for prosjektet vårt. Det viser at det er ein interesse for å forbetre framtidig rusbehandling, seier Vigfusdottir.
Om DBT og NET
Dialektisk åtferdsterapi (DBT) har fokus på å lære pasienten å handtere mellom anna vanskelege kjensler, sterke impulsar, og mellommenneskelege relasjonar. Tanken bak denne ferdigheitstreninga er å kunne gi pasienten moglegheit til å skape eit liv som dei oppfattar som verd å leve, utan rus.
- DBT har vore prøvd ut på fleire pasientgrupper, mellom anna for rusbehandling. Med å tileigne seg desse ulike ferdigheitene kan man auke sannsynet for å handtere eit liv utan rus, og ubehag som følgje av traume, fortel Vigfusdottir.
Narrativ eksponeringsterapi (NET) omhandlar eksponering og tilarbeiding av traumerelaterte minne. Som eit verktøy i behandlinga bruker pasienten både gode og vonde minne til å bygge opp ei "traumerelatert livshistorie" kor traumatiske hendingar flettast inn og har hovudfokus.
Når historia kjem til ei slik hending hjelper terapeuten pasienten med å setje ord på tankar og kjensler som dei følte under hendinga.

DBT har fokus på å lære pasienten å mellom anna handtere vanskelege kjensler, sterke impulsar, og mellommenneskelege relasjonar, mens NET omhandlar eksponering og tilarbeiding av traumerelaterte minne. (Illustrasjon: Colourbox)
Etter enda behandling kan pasienten bruke historia si som eit verktøy for mellom anna familie- og nettverksarbeid. Ein annan tanke er at det kan redusere risikoen for at slike hendingar gjentakast og at pasienten fell tilbake i uheldige miljø.
- Vi tar i bruk NET sidan det har vist god effekt på komplekse gjentakande traume. Med dette kan man "avvæpne" minna slik at dei ikkje verkar så forstyrrande for pasienten i nåtid, seier Breivik.
I lita grad blitt systematisk innført i rusbehandling
Sjølv om nasjonale og internasjonale retningsliner tilrår at personar med rusavhengnad og underliggande psykiske plagar blir gitt samtidig behandling mot desse, fortel Vigfusdottir og Breivik at det gjerast sjeldan i praksis.
I tillegg har ei frykt for fråfall frå rusbehandling vore ein grunn til at det ofte ikkje blir gitt traumefokusert terapi til denne pasientgruppa.
- Kunnskapen har vore der men den har i lita grad blitt systematisk innført i rusbehandling. Prosjektet vårt har som føremål å sjå på kva grad det er gjennomførleg og relevant å tilby denne typen behandling for pasientane, fortel Vigfusdottir.
Todelt studie
Studien er delt i to delar. I første del ønskjer dei å kartlegge samanhengane mellom PTSD, emosjonell dysregulering og alvorleg rusmisbruk, og undersøke korleis desse heng saman med fråfall frå rusbehandling og tilbakefall til rus i etterkant.
Her vil dei særleg fokusere på skam og kjenslemessig unngåande åtferd, som kan vere betydelege hindre for å gå inn i behandling. Gjennom kartlegginga kan dei undersøke i kva grad behandlinga er relevant for pasientgruppa.
- Det er viktig for oss å bli meir kjent med denne pasientgruppa. Her kartlegg vi mykje informasjon for å sjå i kva grad denne gruppa har problem med handtering av vanskelege kjensler og om dei har opplevd traume, seier Vigfusdottir.
Mange personar med rusavhengnad har problem med handtering av vanskelege kjensler, og opplever posttraumatisk stress som følgje av alvorlege traume. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
I sjølve behandlingsdelen behandlast pasientane med bruk av DBT. Pasientar som har posttraumatiske symptom i tillegg vil også få tilbod om behandling med NET. Terapiformene blir gitt som tillegg til den vanlege behandlinga pasientane får ved Molde behandlingssenter.
Med bruk av spørjeskjema og pasientintervju fire uker etter innlegging, ved utskriving, og 3 og 12 månadar etter utskriving kan Vigfusdottir og Breivik vurdere i kva grad disse terapiformene er gjennomførlege og relevante som behandlingstilbod for denne pasientgruppa.
Potensielle ringverknadar for framtidig rusbehandling
Dersom behandlinga har ein positiv effekt for denne pasientgruppa vil prosjektet kunne gi store ringverknadar for behandling av ruspasientar i framtida.
- Vi håper at det at man får mindre psykologiske plagar kan føre til at færre personar begynner med eller fell tilbake til eit liv med rus. Viss dette stemmer kan det ha stor betyding for korleis framtidig rusbehandling blir lagt opp.
Vigfusdottir og Breivik legg til at dei håper prosjektet kan bidra til å setje større fokus på personar med rusavhengnad., og auke bevisstheita rundt kjenslereguleringstrening og traumefokusert terapi for behandling av denne pasientgruppa.
- Det vi håper på er at man kan kanskje bli mindre redd for å drive traumeterapi i rusbehandling. Vi trur slike behandlingsformer bør ha større plass i rusbehandlinga ved langtidsinstitusjonar i tillegg til eksisterande tilbod.
Doktorgradsprosjektet er knytt til Helse Møre og Romsdal, NTNU, og Molde behandlingssenter.
Ønsker du å snakke med nokon angåande rus eller problematikk knytt til dette? Du kan komme i kontakt med følgjande instanser:
Rustelefonen på 08588
Rusopplysingen
RUSInfo.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.