Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Forskingsdagane i Ålesund går av stabelen i midten av september!

Gjennom eit spanande program tek forskarar frå Ålesundsregionen lokalbefolkninga, studentar og skuleelevar med på ein innhaldsrik reise gjennom energiens verden, som er årets nasjonale tema.

Petter Bjørklund
Publisert 05.09.2023
Tekst, bakgrunnsmønster

​​Under Forskingsdagane viser forskarar over heile landet kvar haust fram forskinga si til folk flest. Gjennom eit spanande program tek forskarar frå Ålesundsregionen lokalbefolkninga, studentar og skuleelevar med på ein innhaldsrik reise gjennom energiens verden, som er årets nasjonale tema.

Under den landsdekkande festivalen kan både store og små ta del i eksperiment og møte forskarar. Målet er å  stimulere til begeistring, forståing, og entusiasme for forsking på energifeltet og andre område. Eit anna mål med Forskingsdagane er å formidle kva forskinga betyr for oss i vårt daglege liv. Arrangørane ynskjer også å bidra til rekruttering av unge til forskingsrelaterte yrke, og vise samanhengen mellom forsking, innovasjon og næringsliv.

I Ålesund blir Forskingsdagane gjennomført i eit samarbeid mellom NTNU i Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF og Atlanterhavsparken Vitensenter. Arrangementa skjer frå 11. til 29. september fleire plassar i byen: På biblioteket på NTNU i Ålesund, Atlanterhavsparken og på  Parken kulturhus. Alle arrangementa er gratis å delta på.

Nasjonalt startar Forskingsdagane offisielt den 20. september men Ålesund tek ein tjuvstart den 11. september med "AI-veka" ved universitetsbiblioteket ved NTNU. Her blir det servert ein serie med tankevekkande innlegg og debatt frå forskarar innan kunstig intelligens.

Høgdepunktet under festivalen blir fredagen 29. september med Researchers' Night på Atlanterhavsparken Vitensenter. Forskarkvelden gir unge eit innblikk i breidda av forskingsprosjekt på energifeltet og andre relevante tema, og betydinga desse har for deira daglegliv. Forsking skjer gjennom ulike aktivitetar, eksperiment og opplegg som ungdomane får vere med på.

I Foajeen på Parken kulturhus blir det òg føredrag og kunnskapsbasert dialog om dagens energisituasjon og det stadig aukande energibehovet. Det skjer tysdag den 26. september på NTNU Kveld. Der får du møte forskarar som gir innsikt i korleis det blir arbeidd for eit grønt skifte og får vite korleis energieffektivisering er ein av nøklane for å løyse energikrisa som no er merkbar for oss alle. 

Hald av datoane for ein festival fylt med forsking, nysgjerrigheit og undring. Vi gler oss!


Forskingsdagane i Ålesund


Forskingsdagane i Ålesund arrangerast i samarbeid mellom NTNU, Helse Møre og Romsdal, og Atlanterhavsparken. Atlanterhavsparken og NTNU har mottatt finansiering frå Norges Forskingsråd til gjennomføringa.