Doktorgrad

Kan Dialogterapi gi større betring enn standard-behandling ved psykose?

Annbjørg Haram hadde to prøveførelesningar 05052021 og disputas 06052021 for ph.d.-grada - begge dagar digitalt med avhandlinga: Dialogue Therapy and Standard Psychiatric Treatment in Psychosis - Psychological Aspects, Treatment and Outcome

Vekt på å bevara undringsaspektet i psykisk helsevern / psykiatrien

Standardbehandling og psykofarmaka har ei sentral rolle i behandling av schizofreni og andre psykoser, og viktigheita av samtaleterapi blir ofte tona ned.

Den biomedisinske modellen (standardbehandling) i psykiatrien består primært av antipsykotika, hospitalisering og nokon gangar elektrokonvulsiv behandling (ECT), i tillegg til ulike sosiale rehabiliteringstiltak og dessutan forskjellige typar støtteterapi.

Psykoselidingar blir tradisjonelt forklart med biologiske og genetiske faktorar, men i dei siste 10-åra har forskinga òg fokusert på traume og miljømessige faktorar. Dette impliserer at pasientar med alvorlege mentale lidingar som schizofreni og andre psykoser, også kan vurderast i lys av sin demografiske, sosiale og psykologiske historie. Denne haldningsendringa skapar optimisme i synet på behandling av psykoser.

Annbjørg Haram

Annbjørg Haram

Sjølv om menneske har fått diagnosar som seier at dei er kronisk sjuke, kan det likevel vera mogleg å oppnå betring, seier Annbjørg Haram. Omgrepet speiling er essensielt. I auga til andre ser vi noko meir enn det vi ser og oppfattar om oss sjølv i ein spegel. Negativ speiling i sosiale relasjonar ved til dømes mobbing, kan òg setja i gang sjølvoppfyllande profetiprosessar og medføra at ein person byrjar å trekka seg tilbake frå dei sosiale omgivnadene sine, uttaler Haram.

Det er viktig å gi påfyll av gode opplevingar i terapi, formidla tru på framgang, og skapa ein trygg relasjon og eit forutsigelig miljø slik at pasienten vågar å dela frå opplevingane sine. Samtalen har kraft i seg sjølv. Tar ein seg tid til samtale, er det mogleg å spinna trådar over kløfta mellom den psykotiske og den verkelege verda og stimulera til tilfriskning.

Dei fleste pasientane som tok i mot Dialogterapi ved Annbjørg Haram, var føreskrevet mykje antipsykotika. Antipsykotika gir biverknader som pasientane streva med, som at kjensler og kognitive funksjonar blir dempa. Dette er uheldig, sidan slike funksjonar er avgjerande for om pasienten kan reflektera over sin eigen situasjon og gjenvinne ein bærekraftig identitet.  Det kan vera vanskeleg å komma til med samtale når pasientane er tungt medisinerte.

Dynamisk syn på endring av diagnosar og medikamentsbruk

Det er ikkje uvanleg at søvnen blir forstyrra i samband med psykiske lidingar og særleg ved alvorlege psykoser. I ein periode kan det vera nødvendig med medisin som kan roa ned, slik at pasientane gjenvinn søvnrytmen og får styrkt evna til sjølvregulering og psykisk kontroll. Ein sentral bodskap er at psykisk helsevern og psykiatrien i større grad må bli ein lærande organisasjon som hentar kunnskap både ovanfrå og nedanfrå, og pasienten må få påverka samtalen og ikkje berre bli ein passiv mottakar av behandling, legg Annbjørg Haram til.


Kan personar med psykoselidingar bli dårlegare ved å avgrensa moglegheiter for samtaleterapi?

I kva grad for einsidig biologisk retta modellar kan bidra til å avgrensa moglegheiter for betring og tilfriskning og auka tilpasning til sjukdomstilverer, er lite kjente og ikkje eintydig i litteraturen, fortset Annbjørg Haram. Vidare stiller mange i fagfeltet seg i dag kritiske til omfattande bruk av antipsykotika og meiner at ein del pasientar med psykoselidingar ville fungert betre ved låge dosar eller utan antipsykotisk medikasjon.

Ei vanleg oppfatning er dessutan at det eksisterande behandlingstilbodet for psykoser i det psykiske helsevernet kan ha stort potensiale for utvikling.


Kan pasientar med psykoser ha utbytte av samtaleterapiforma Dialogterapi presentert i denne studien?

Annbjørg Haram har gjennomført ein studie ved Ålesund sjukehus der alle pasientar diagnostiserte med ulike psykoser som har fått samtaleterapi hos henne, inngår i datautvalet. Vi ønsket primært å undersøkje om Dialogterapi var assosiert med betre utfall enn standard behandling i ein naturalistisk samanliknande studie, som er første trinn i å evaluera Dialogterapi.

I den teoretiske artikkelen i avhandlinga blir Dialogterapi presentert som ein ny samtalebasert behandlingsform. Artikkelen beskriv sentrale komponentar i den terapeutiske prosessen i Dialogterapi, frå pasienten er overvelda av symptom til å bli frisk eller friskare.  Som beskrive i den teoretiske artikkelen, har dialogterapi tre fasar, med eit sett spesifikke metodar i kvar fase. Artikkelen legg dermed til rette for at andre terapeutar kan etterprøva resultata våre i nye prospektive studiar med større tal på pasientar og terapeutar.

Rasjonale for studien var at vi veit relativt lite om effekten av samtaleterapi ved psykosetilstandar, slik at det er eit stort behov for nye spesifikke psykoterapistudiar for denne gruppa. Målsetjinga er å kunna bidra til utvikling og styrking av eksisterande behandlingstilbod for ei ofte forsømd pasientgruppe i psykisk helsevern.

Samanlikna med pasientane som fekk standardbehandling, fann vi i denne studien at pasientane som fekk Dialogterapi hadde signifikant større betring i symptom og funksjonsnivå målt med GAF ved avslutning av behandlinga, samtidig som dei brukte mykje mindre antipsykotiske medikament og hadde betydeleg kortare tid i terapi.

Vidare indikerer studien at pasientar i heile psykosespekteret vil ha ein betre prognose viss dei blir gitt Dialogterapi i tillegg til standardbehandling samanlikna med standardbehandling åleine. Det vil likevel vera behov for at resultata i denne studien blir etterprøvd i nye prospektive randomiserte studiar med fleire behandlarar.

 

Disputas

Disputasen og prøveførelesningane til Annbjørg Haram (epost: annharam@hotmail.com )  kan sjåast i opptak her:

https://www.ntnu.no/kalender/detaljer/-/event/363164de-5c3f-35ef-ae97-d2496e15916c

Avhandlinga blir lagt ut på NTNU/Universitetsbiblioteket.