Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Disputasar 2022

Kirurgi for skiveprolaps i korsryggen: observasjonsstudier basert på data frå Nasjonalt kvalitetsregister for ryggkirurgi

Mattis Aleksander Madsbu disputerte den 11. mars 2022 med avhandlinga ”Surgery for lumbar disc herniation – Observational studies based on data from the Norwegian Registry for Spine Surgery” til forsvar for ph.d.-graden i Medisin og Helsevitenskap ved Fakultet for medisin og helsevitenskap, NTNU.

Publisert 22.02.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Kandidatens rettleiare har vore professor Sasha Gulati og førsteamanuensis Øyvind Salvesen, begge NTNU.

​​Følgjande komité har bedømt det innleverte arbeidet:

Professor Pravin Salunke, Postgraduate Institute of Medical Education and Research, Chandigarh, India
Professor II Christian Andre Helland, Universitetet i Bergen
Førsteamanuensis Gunn Hege Marchand, NTNU

Samandrag

Degenerative rygglidingar er ein vanleg årsak til smerter, nedsatt aktivitetsnivå og 
arbeidsmoglegheit for mennesker i heile verden. Det er i tillegg ein større økonomisk byrde for samfunnet. Ein av dei vanlegaste årsakane til spinalkirurgi er for skiveprolaps i korsryggen. Dette er ein degenerativ ryggliding som vanlegvis rammar dei mellom 40 og 50 år. Mange pasientar har eit forløp som ikkje treng behandling, men hos pasientar som ikkje opplever betring av sine symptom kan kirurgi være indisert. Kirurgi for skiveprolaps gjennomførast med mikrokirurgisk teknikk. Denne doktogradsavhandlinga handlar om behandlingsresultat etter kirurgisk behandling av skiveprolaps i korsryggen. 

Vi har nytta prospektivt innsamlet data fra Det norske kvalitetsregisteret for ryggkirurgi (NORSpine). Det har vore gjennomført mange store randomiserte studier som samanliknar kirurgi og konservativ ikke-kirurgisk behandling. I denne avhandlinga har vi kun fokusert på pasientar som mottar kirurgisk behandling. Meir spesifikt har vi utforska behandlingsresultat mellom ulike aldersgrupper og private og offentlege behandlingsinstitusjonar. Eldre pasientar har ofte mykje komorbiditet og eit meir usikkert postoperativt forløp. Dette vanskeleggjer avgjerda om å tilrå kirurgi eller ikkje. Vi lurte på om dette påverkar behandlingsresultat etter kirurgi. Difor valde vi å undersøke den eldre populasjonen som blei operert for LDH. 

I den første studien viste vi at pasientar som er 65 år eller eldre rapporterte tilsvarande 
resultat som yngre pasientar eitt år etter kirurgi. 

I den andre studien undersøkte vi om det var nokon forskjell i behandlingsresultat mellom paseintar som opererast privat eller offentleg. Vi fant tilsvarande behandlingsresultat i dei to gruppene. 

I den tredje studien viste vi at overvektige pasientar opplevde tilsvarande resultat som ikke-overvektige pasientar, eitt år etter kirurgi. 

I den fjerde studien undersøkte vi effekten av røyking på resultat etter kirurgi. Ikke-røykare rapporterte betydeleg større betring eitt år etter kirurgi samanlikna med røykare.

I den femte studien rapporterte yngre pasientar tilsvarande resultat 1 år etter kirurgi, 
samanlikna med ein vaksen pasientgruppe. 

Oppsummert har viser våre studiar at det generelt er samanliknbare resultat etter kirurgi for skiveprolaps blant ulike pasientgrupper. Vi håper at disse resultata vil hjelpe klinikare i ​si kvardag i avgjerdstaking samt kva man kan forvente av resultat etter kirurgi.