.
For å undersøke korleis effekten held seg over tid vart pasientane følgt opp tre månader etter fullført behandling. Heile 81 prosent viste fortsatt klar betring av symptoma sine ved denne tremånaders-kontrollen.
- Vi ser at det fortsatt går bra med pasientane sjølv etter desse fire dagane. Faktisk blir dei enda friskare over tid, seier hovudrettleiar Kristen Hagen, som er psykologspesialist og forskingsgruppeleiar ved Knausensenteret.

Eide (nr. 2) i lag med forskarar og psykologspesialistar Kristen Hagen (nr. 1), Kristian August Tjelle (nr. 3) og Håvard Berg Opstad (nr. 4). Saman er dei ein del av forskingsgruppa for OCD og angstlidingar i Helse Møre og Romsdal (Foto: Petter Bjørklund/HMR).
Når pasientane blei spurt om korleis dei opplevde behandlingsforma rapporterte dei ein høg grad av tilfredsheit, noko som samsvarar med at alle som deltok i studien fullførte behandlinga. Forskarane meiner dette kan skuldast det konsentrerte og kortvarige formatet, som har vist å ha lågare behandlingsfråfall enn ordinære terapiformer.
- Innføringa av behandlinga var dermed svært vellykka både i form av effekt, tilfredsheit hos pasientane og gjennomføringsgrad, fortel Eide.
- Lar seg sprei til nye klinikkar og behandlarar
Den nemnde symptomreduksjonen støtter at behandlinga, på lik line med resultat frå dei nemnde studiane, fortsatt har god effekt på panikklidingar når den gjevast ved nye stader.
- Resultata var faktisk enda betre enn studiane som vert gjort på formatet tidlegare. Det viser at 4-dagarsbehandlinga lar seg sprei til nye klinikkar og behandlarar, og at implementering av behandlinga i klinisk praksis kan føre til forbetra pasientomsorg ved å tilby effektiv behandling med høg pasienttilfredsheit, fortel Eide.
Sjølv om det fortsatt er behov for studiar som samanliknar effekt av 4-dagarsbehandlinga med andre terapiformer fortel Eide at behandlinga kan vere ein tidseffektiv terapiform for panikklidingar.
- Det viser også at det er mogleg å byggje opp fagmiljø med svært høg kvalitet innafor det ordinære psykiske helsevernet, legg Eide til.
Referansar:
Eide, T.O., Hjelle, K.M., Sætre, I.U. et al. The Bergen 4-day treatment for panic disorder: implementation in a rural clinical setting. BMC Psychiatry 23, 305 (2023). https://doi.org/10.1186/s12888-023-04812-x
Iversen, H.M., Eide, T.O., Harvold, M. et al. The Bergen 4-day treatment for panic disorder: replication and implementation in a new clinic. BMC Psychiatry 22, 728 (2022). https://doi.org/10.1186/s12888-022-04380-6
Hansen B, Hagen K, Öst LG, Solem S, Kvale G. The Bergen 4-Day OCD Treatment Delivered in a Group Setting: 12-Month Follow-Up. Front Psychol. 2018 May 3;9:639. doi: 10.3389/fpsyg.2018.00639. PMID: 29774005; PMCID: PMC5943612.
Hansen B, Kvale G, Hagen K, Havnen A, Öst LG. The Bergen 4-day treatment for OCD: four years follow-up of concentrated ERP in a clinical mental health setting. Cogn Behav Ther. 2019 Mar;48(2):89-105. doi: 10.1080/16506073.2018.1478447. Epub 2018 Aug 8. PMID: 30088441.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.