Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Korleis lykkast som forskar: erfaringer frå den regionale forskingskonferansen

- Det er ein lang veg å gå frå å vere ein fagleg spesialist til å bli ein akademisk novise, sa overlege og forskar Jorunn Sandvik under den regionale forskingskonferansen.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 19.03.2024
Sist oppdatert 16.04.2024
Bilde av Kristen Hagen og Jorunn Sandvik
F. v. Kristen Hagen og Jorunn Sandvik haldt innlegg på den regionale forskingskonferansen. Foto: Ann-Kristin Haram Maridal/HMR

Førre veke blei det arrangert regional forskingskonferanse for føretaka i Helse Midt-Norge i Trondheim. To representantar frå Helse Møre og Romsdal fekk presentere forskinga si frå scena. 

Tema for året var «inspirasjon til klinisk forsking», og auditoriet var fullstappa då administrerande direktør i St. Olavs, Stig Arild Slørdahl, ønskte velkomen.  

Å lykkast som forskar 

Første bolk på programmet handla om ulike måtar å lykkast som forskar, og korleis bygge opp om forskinga si og etablere forskingsgrupper. 

Her fekk overlege i gastroenterologisk kirurgi ved Ålesund sjukehus, Jorunn Sandvik, dele si erfaring. Visjonen hennar har vore å gjere klinisk erfaring om til vitskap.  

- Det er ein ganske lang veg å gå frå å vere ein fagleg spesialist og ekspert til å bli ei akademisk novise. Man må heilt ned på botn og jobbe med dei enkle tinga. Det er viktig at dei som ikkje jobbar på eit universitetssjukehus kjem seg ut av klinikken og inn i eit akademisk miljø, understreka Sandvik. 

En person som holder en presentasjon
Sandvik snakka om viktigheita ved å oppsøke akademiske miljø når ein forskar

 

Innsamling av viktig data 

Videre fortalte ho om etablering av forskingsprosjektet sitt, Bariatric Surgery observation study, eller BAROBS, som kartlegg langtidseffektar etter fedmekirurgi. 

- Det heile starta i 2004 då dåverande helseminister Dagfinn Høybråten sa at alle regionale helseføretak måtte etablere eit tilbod om fedmekirurgi. Styret i Helse Midt-Norge følgde opp med å sei at det var ønskeleg med eit sentralt register over dei som hadde tatt gastrisk bypass-operasjon.  

Sandvik forklarte korleis dei byrja med innsamling av data på tre sjukehus som vaks til eit sentralt register 11 år seinare.  

- Det som har bidrege til at vi har lukkast er å ha eit breitt samarbeid med fagpersonar i heile regionen. Og det viktigaste er at den kunnskapen vi skaffar oss kjem pasientane til gode, sa Sandvik. 

No er Sandvik i gong med oppfølgingsprosjektet BAROBS 2 som nyleg fekk tildelt forskingsstøtte. Prosjektet skal gå over to år og undersøkje langtidseffektane etter gastrisk bypass hos pasientar som vart opererte frå 2003 til 2015. 

Forsking som endrar klinisk praksis 

På dag to fekk psykologspesialist Kristen Hagen frå Knausensenteret i Molde sleppe til i sesjonen som tok føre seg forsking som endrar klinisk praksis.  

Hagen er leiar for Forskingsgruppa for OCD og angstlidingar i Helse Møre og Romsdal. Han trakk fram den mykje omtala 4-dagars behandlinga som eksempel.  

- Behandlinga går i all hovudsak ut på å hjelpe folk til å ta livet tilbake gjennom å utfordre seg med tanke på dei tinga ein er redd for. Gjennom eksponeringsterapi kan pasienten ta tilbake dei områda i livet som angsten har teke frå dei, forklarte Hagen. 

Han fortalte vidare at det har teke lang tid å få implementert denne type behandling trass i at kunnskapen om at tvangslidingar kan kurerast har vore der sidan 60-talet. I Noreg skaut det fart etter at Hagen og leiar for The Bergen Center for Brain Plasticity, Bjarne Hansen, var med i ein dokumentar på TV 2 i 2010.  

I dag er det meir enn 50 klinikkar som tilbyr 4-dagars behandling, og den gis også i Tyskland, Sverige, Finland, Singapore, Island og USA. 

En person som holder en presentasjon
Hagen forklarte korleis 4-dagars behandling for OCD har vorte revolusjonerande

 

Implementere, utvikle, forske 

Frå scena trakk Hagen fram tre viktige ting når det gjeld klinisk praksis. 

- Det første vi må gjere er å sørge for å implementere det vi veit fungerer. Ein må sørge for at folk får den mest effektive behandlinga. For det andre må ein heile tida utvikle behandlinga, og for å oppnå dette treng vi kontinuerleg forsking. 

Hagen avslutta med å slå fast at han skal fortsette med kunnskapsformidling til dei fremste fagmiljøa i verda. 

Du kan lese meir om 4-dagars behandlinga her. 

Neste konferanse 

Den regionale forskingskonferansen blir heldt anna kvart år og rullerer mellom føretaka i regionen. No er det HMR som igjen står for tur.  

- Vi ser fram mot å starte planlegginga av den regionale forskingskonferansen for 2026! Arrangementet er ein viktig arena for både komande og allereie etablerte forskarar i regionen, og er sentralt i styrking av forskingssamarbeidet mellom helseføretaka og  høgskule- og universitetssektoren. I 2013 blei konferansen haldt i Ålesund, deretter i Kristiansund i 2019, og no tenkjer vi at dette kan vere ei fin anledning til å vise fram Molde og det nye sjukehuset på Hjelset, fortel konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug. 

Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.​​ #forskinghmr​​