Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking, masteravhandling

Kva slags erfaringar har sjukepleiarar med avviksrapportering på intensivavdeling?

Intensivsjukepleiar Astrid Krane har i masterarbeidet sitt ved NTNU i Ålesund og Helse Møre og Romsdal forska på korleis sjukepleiarar erfarer å skrive avvik på intensivavdeling.

Petter Bjørklund
Publisert 30.01.2023
Sist oppdatert 02.05.2023
En person i hvit skjorte
Intensivsjukepleiar og tidlegare masterstudent i klinisk sjukepleie ved NTNU i Ålesund Astrid Krane

Avviksrapportering er ein viktig del av arbeidskvardagen til sjukepleiarar. Slike avvik kan vere alt frå pasientrelaterte skadar, at man gir for lite medisin eller antibiotika, eller at utstyr ikkje fungerer som det skal. Føremålet med rapportering av avvik er å oppdage, melda i frå om, og rette opp i uønska hendingar på arbeidsplassen​.​

- Det er jo pasientsikkerheita som ligg i botn her. Det finst fleire tiltak man kan gjere for å forbetre dette, og ett av dei er å skrive avvik, legg til intensivsjukepleiar og tidlegare masterstudent Astrid Krane.​

​​​​​Belyser erfaringane til sjukepleiarar

I sitt masterarbeid innan klinisk sjukepleie ved NTNU i Ålesund og Helse Møre og Romsdal har Krane forska på kva slags erfaringar sjukepleiarar har med å skrive avvik på intensivavdeling. Her belyser ho mellom anna sjukepleiaranes kompetanse knytt til avviksrapportering, og kva faktorar dei meiner fremmar og hemmar rapportering av avvik.

Til tross for viktigheita av dette opplever Arbeidstilsynet ifølge NRK at det er ei betydeleg underrapportering av avvik i helsesektoren. Krane deler liknande tankar, og beskriv dette som ein drivkraft for å undersøkje erfaringane til disse sjukepleiarane.

- Det eg har erfart er at folk kanskje ikkje skriv så mykje avvik. Dette ble ein motivasjon for å finne ut i kva grad det skrivast avvik, om det ikkje skrivast, og kor man eventuelt ligg på den skalaen.

Dei med lengst erfaring skriv flest avvik​

For å undersøkje dette intervjua Krane sju sjukepleiarar frå to intensivavdelingar ved to sjukehus i Noreg. Ein trend i oppgåva er at sjukepleiarane med lengst erfaring i yrket var dei som rapporterte at dei skreiv flest avvik og var mest trygg på rutinane rundt dette.

- Jo meir erfaring sjukepleiarane har, jo enklare syntest dei det var å skrive avvik. Dei som var ferskare var meir usikker på om det dei opplevde som eit avvik faktisk var eit avvik eller ikkje, og i kva grad det burde meldast.


Sjølv om sjukepleiarane hadde ei forståing av kva avviksomgrepet inneber, fortel dei at dei ikkje fekk informasjon om dette gjennom systematisk opplæring frå arbeidsgjevar. 

Med dette fortel Krane at sjukepleiarane ikkje hadde eit aktivt forhold til gjentakande opplæring knytt til avviksrapportering på arbeidsplassen, noko som indikerer lite innarbeida rutinar eller systematisk opplæring rundt dette.​

- Eit av funna er at det ikkje blir gitt opplæring i korleis man skriver og verdien av å skrive avvik.

Viktigheita av ein god rapporteringskultur

Sjukepleiarane fortalde Krane kva dei meiner fremmar og hemmar rapportering av avvik. Mellom anna synleggjer dei viktigheita av ein god rapporteringskultur på arbeidsplassen og tilbakemeldingar frå leiinga som fremmande faktorar.
​​
- Å ha ein open og støttande kultur kor dei tilsette meiner det er greitt å melda avvik er ein tydeleg faktor. Det bidrar til ein psykologisk tryggleik kor man er klar over at uønska hendingar må meldast, og ikkje minst kvifor dei må meldast. Tilbakemelding og oppfølging frå leiinga er óg sentralt for å vise dei tilsette at det å rapportere avvik faktisk har ei verdi.​

Sjukepleiarkvardagen inneheld mange arbeidsoppgåver som kan føre til at nokre dagar blir meir hektiske enn andre. Det gjer at dei kan bli pressa for tid, noko som sjukepleiarane erfarer som eit av fleire hemmande element for rapportering av avvik. At dei ikkje rekk å føre avvik kan óg få dei til å tenkje undervegs at det ikkje var så verdifullt å melda om det likevel.

- Dei formidla tidspress som ein tydeleg barriere for å melda avvik. Det førte til at man i fleire tilfelle gløymde å skrive avvik i ettertid. Enkelte meinte at når man fekk tenkt seg om kunne det vere at man ikkje skreiv avviket da dei tenkte at situasjonen ikkje var alvorleg nok til å meldast.​​

​Redsel for å angje andre tilsette

Sjukepleiarane sa òg​ at dei ofte kvir seg for å skrive avvik som involverer kollegaer av frykt for å angje dei. I slike tilfelle seier Krane at fleirtalet av sjukepleiarane vel å snakke med kollegaen sin om hendinga i staden for å melda det som avvik.

- Eit uttrykk som gjekk igjen var at «man ikkje er ute etter å ta nokon» når man melder avvik. For sjukepleiarane verka meldeplikta mest relevant dersom hendinga ikkje medførte at dei måtte angje andre.

Krane seier at terskelen for å rapportere avvik bør vere låg slik at alle tilsette kan lære av hendinga. Dersom det kun blir diskutert i mellom nokre kollegaer kan det føre til at ​nokon få tar lærdom av hendinga mens resten av dei tilsette ikkje gjer det.

- Problemet blir at dei lærer av situasjonen mens resten av avdelinga ikkje gjer det. Det er viktig at slike hendingar blir gjort kjent for alle.

- Svært aktuelt og viktig for kvalitetssikring av helsetenesta

Førsteamanuensis ved Institutt for helsevitskap NTNU Ålesund, Inger Hilde Hagen rettleia masteroppgåva til Krane, og seier at ho har funne viktige svar på kva som fremmar og kva som er barrierar for å skrive avviksmeldingar.​

- Temaet Astrid har valt er svært aktuelt og viktig for kvalitetssikring av helsetenesta, seier Hagen.
ddd
Førsteamanuensis ved Institutt for helsevitskap ved NTNU Ålesund, Inger Hilde Hagen var rettleiar for Krane si masteroppgåve.

Krane håper oppgåva hennar kan auke bevisstheita til leiare og sjukepleiarar rundt disse faktorane, og inspirere framtidige masterstudentar til å forske meir på avviksrapportering.​

- Eg håper oppgåva mi kan gi inspirasjon til å undersøkje temaet ytterlegare. Den har kun undersøkt to avdelingar, så man bør gjere ein enda større undersøking på fleire avdelingar. ​​

Viktig at sjukepleiarar òg​ driv fram forsking

Krane seier arbeidet med masteroppgåva har vore ein utfordrande men samstundes lærerik erfaring, og anbefaler andre sjukepleiarar å gjennomføre eit masterprosjekt i framtida.​

- Det er gjennom slikt arbeid vi får yrket vidare. Det er ein måte å skaffe ny kunnskap, men også å bekrefte eksisterande kunnskap på. Det er viktig at vi sjukepleiarar også driv fram forsking.

Masteroppgåven til Krane er foreløpig ikkje tilgjengeleg på nett ettersom ho vurderer å skrive ein vitskapelig artikkel som baserer seg på det gjeldande masterarbeidet.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til helseføretaket? Følg @forsking_hmr​ på Instagram!