Når hjernen ikkje høyrer
Høyrselen sit ikkje berre i øyret. Barn som har problem med lydkabelen frå øyret til hjernen blir no endeleg fanga godt opp av helsesystemet. Det er takka vere doktorgradsarbeidet til Tone Stokkereit Mattsson. Ho disputerte 6.juni 2019.
Den gamaldagse måten å forstå høyrselen på, er å tenke at den berre handlar om hårcellene i det indre øyret. Hårcellene omformar lydbølger til nervesignal som hjernen kan arbeide med.
Men signala må nå fram til hjernen om vi skal høyre. Kva skjer når lydkabelen frå øyret til hjernen ikkje fungerer heilt som den skal?
APD
– Høyrsel er så mykje meir enn berre hårcellene. Frå kvart øyre blir nervesignala transportert gjennom den sentrale høyrselsbanen i hjernestammen opp til høyrselssenteret, og det er denne signalgangen eg har forska på, forklarer Tone Stokkereit Mattsson, overlege ved øyre-nase-halsavdelinga ved Ålesund sjukehus.
Dersom denne kabelen ikkje klarer å lede lyden heilt slik den skal, kan vi seie at barnet ikkje prosesserer lyden optimalt. Hjernen klarer ikkje å forstå det øyrene høyrer. På fagspråket svarer dette til ein diagnose som heiter auditive prosesseringsvanskar (APD).
Typiske vanskar er lytting i bakgrunnsstøy, redusert auditiv merksemd, vanskar med å følgje munnlege instruksjonar og forstå rask eller utydeleg tale. Førekomsten er i dag anslått til mellom to og fem prosent, med overvekt blant gutar.
Normale testresultat
Sjølv om legar her i landet har brukt diagnosen i nokre år, blei den ikkje registrert som ein godkjend diagnose i den norske helsetenesta før januar 2019. For Mattsson var det ei openbaring då ho fekk høyre om APD allereie i 2005, på ein konferanse i USA.
– Ved øyra-nase-halsavdelinga tok vi imot mange barn der både foreldre, lærarar og andre rapporterte om høyrselsvanskar. Testane våre viste likevel at øyret fungerte normalt, sjølv om vi på sjukehuset såg at barna ikkje høyrde godt ved bakgrunnsstøy eller andre dårlege lydforhold, forklarer Mattsson.
Dei fleste har vore gjennom denne typen testar, med øyreklokker og pipelydar eller lydtette rom og lytting på einstavingsord. Desse tradisjonelle høyrselstestane er så enkle at dei berre måler funksjonen til hårcellene.
– Dermed vil barn med APD sjå ut til å ha normal høyrsel, seier Mattsson.
300 elevar
Arbeidet hennar har vore eit viktig grunnlag for at APD no er ein godkjend diagnose i Noreg.
– Ein diagnose gir rett til hjelp. Tidlegare var det ein del hjelpemiddelsentralar som ikkje ville utlevere høyrselshjelp eller liknande til desse barna, fordi dei ikkje hadde ein diagnose, fortel Mattsson.
Ein del av doktorgradsarbeidet hennar har handla om å utvikle meir avanserte høyrselstestar som kan fange opp APD. Mattsson utvikla eit norsk testbatteri, og rundt 300 barn med normal høyrsel ved Åse skole og Blindheim barneskole blei undersøkt for å etablere normalverdiane for desse testane.
– Vi flytta inn på kontoret til helsesøster på Åse skule i 2013, med høyrselsboks og høyrselsutstyr for å måle det meste. Vi hadde to audiografar og ein audiopedagog som jobba på skift der i eit heilt skuleår, med å teste nesten alle barna på skulen. Deretter flytta vi over til Blindheim skule, forklarer Mattsson.
Ho skryt av engasjementet til både barn, foreldre og skulepersonale. Utan normalverdiane ville det ikkje ha vore mogeleg å starte med diagnostisering av APD i Noreg.
– Studien av desse skuleelevane danna grunnlaget for den utgreiinga og diagnostikken vi har nasjonalt for APD i dag, seier Mattsson.
Målte hjerneaktivitet
Tilstanden har vore omdiskutert internasjonalt med tanke på både definisjon og dei kroppslege mekanismane. Ein annan del av doktorgraden til Mattsson gir eit bidrag mot å få meir klarheit i dette biletet. Overlegen undersøkte responsen på ulike lydstimuli hos barn, ved å måle den elektriske aktiviteten i hjernen.
Metoden ho brukte heiter elektroencefalografi, som vanlegvis kallast EEG. Elektrodar på hovudet målte hjerneaktiviteten til tre ulike grupper: barn med normal høyrsel, barn med lyttevanskar utan APD-diagnose, og barn med lyttevanskar med APD-diagnose. Dette er første gong desse tre gruppene blir samanlikna.
Generelt er lyttevanskar ei samlenemning for barn som slit med å lytte, på grunn av høyrselsproblem eller andre årsaker – som vanskar med merksemd, lesing, skriving eller læring.
– Å lytte eir meir samansett enn å høyre, og krev for eksempel god arbeidshukommelse og språkerfaring, forklarer Mattsson.
Treigare signal
EEG-testane blei utført ved Universitetet i Bergen. I tillegg fekk barna nevropsykologiske testar ved Statlig spesialpedagogisk tjeneste og høyrselstestar ved Haukeland universitetssjukehus.
Mattsson undersøkte om det var forskjell i måten nervesignala gjekk mellom øyret og lyttesenteret i hjernen på. Signalgangen var mykje dårlegare for barn med lyttevanskar – både med og utan APD-diagnose, enn for barn med normal høyrsel.
– Signala gjekk treigare. I krevjande lyttesituasjonar klarer ikkje dei sentrale høyrselsbanene å tilpasse seg til økte krav. Dermed går ein del av informasjonen tapt, fortel Mattsson.
Ovanfrå og ned
I tillegg fann ho forskjellar i sjølve høyrselsbarken i hjernen. Tradisjonelt har ein sett på APD som eit problem som går nedanfrå og opp i signalbanen frå øyret til hjernen. Mattsson trur det i tillegg kan vere problem som går ovanfrå hjerna og ned.
– Dei seinare åra har ulike studiar vist at merksemd og arbeidshukommelse har innverknad på auditiv prosessering. Mitt arbeid tyder også på dette, men her trengs det meir forsking for å konkludere, seier Mattsson.
I tillegg til å ha vore engasjert i barneaudiologi og ADP i mange år, har Mattsson også hatt ansvar for utarbeiding av Helsedirektoratet sine nasjonale retningsliner for nyfødtscreening av hørsel, i tillegg til ansvar for spreiing av kunnskap om APD. Overlegen er dessutan prosjektleiar for utarbeiding av eit nasjonalt kvalitetsregister for hørselstap hos barn.
Mattsson disputerer 6. juni med avhandlinga «Auditory processing disorder in children. A study of neurophysiological mechanisms, and the standardization of a behavioural test battery».
Dei vitskapelege publikasjonane i avhandlinga til Tone Stokkereit Mattsson:
MATTSSON, T. S., FOLLESTAD, T., ANDERSSON, S., LIND, O., OYGARDEN, J. & NORDGARD, S. 2018. Normative data for diagnosing auditory processing disorder in Norwegian children aged 7-12 years. Int J Audiol, 57, 10-20.
MATTSSON, T. S., LIND, O., FOLLESTAD, T., GROENDAHL, K., WILSON, W. & NORDGAARD, S. 2019. Contralateral suppression of otoacoustic emissions in a clinical sample of children with auditory processing disorder. Int J Audiol, 1-10.
MATTSSON, T. S., WILSON, W., FOLLESTAD, T., GROENDAHL, K., LIND, O., NICHOLAS, J., NORDGAARD, S. & ANDERSSON, S. 2018. Electrophysiological characteristics in children with listening difficulties, with and without auditory processing disorder. Int J Audiol, In presss.