Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

No kan du lese årsmeldinga til FIUK-seksjonane for 2022

I årsmeldinga presenterer Seksjon for forsking og innovasjon og Seksjon for utdanning og kompetanse nøkkeltal, glimt og statistikk frå 2022.

Petter Bjørklund
Publisert 23.03.2023
Sist oppdatert 24.03.2023
En collage av mennesker

​​Årsmeldinga til Seksjon for forsking og innovasjon (SFI) og Seksjon for utdanning og kompetanse (SUK) for 2022 er tilgjengeleg for lesing på Helse Møre og Romsdals nettsider.​

I årsmeldinga presenterer seksjonane nøkkeltal, glimtsakar, og statistikk frå 2022. Mellom anna kan du lese om pågåande forskings- og doktorgradsprosjekt og utdanningsaktivitet i Helse Møre og Romsdal, til dømes om LIS-utdanninga i 2022.

Utdanningssjef Guro Berge og avtroppande forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff deler også sine tankar og refleksjonar rundt fjoråret.


Årsmeldinga vart presentert av Berge og Hoff under det administrerande styremøtet den 22. mars i Administrasjonsbygget ved Ålesund sjukehus.

dag Arne Hoff og Guro Berge

PRESENTERTE UNDER STYREMØTET: Avtroppande forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff og utdanningssjef Guro Berge (Foto: Petter Bjørklund).

Styret fortalde at dei var nøgde med innhaldet som vart presentert i meldinga, og blei dermed vurdert som godkjent.

God lesing!

Med helsing frå,
Seksjon for forsking og innovasjon og Seksjon for utdanning og kompetanse.