Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse

No kan du lese årsmeldinga til FIUK-seksjonane for 2023

I årsmeldinga presenterer Seksjon for forsking og innovasjon og Seksjon for utdanning og kompetanse og Seksjon for kliniske studiar nøkkeltal, glimt og statistikk frå fjoråret.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 19.04.2024
En collage av mennesker

Årsmeldinga ligg no tilgjengeleg på Helse Møre og Romsdal sine nettsider. I den kan du mellom anna lese om HMR sine første forskingsgruppeleiarar, rekruttering av nye sjukepleiarar, deltakinga i Forskningsrådet si fagevaluering, prosjekta som fekk CAG-status og opprettinga av Seksjon for kliniske studiar.

Du får òg eit innblikk i nøkkeltal, nyhende, statistikk, forskingsfinansiering og andre sakar som var relevant for 2023.

Årsmelding 2023: Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanse kan lesast her.

Utdanningssjef Guro Berge, konstituert forskingssjef Vibeke Devold Valderhaug og seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff presenterte årsmeldinga på det administrerande styremøtet 17. april. Dei fekk gode tilbakemeldingar og spørsmål frå dei som hadde møtt opp. Årsmeldinga blei dermed vurdert som godkjend.

En gruppe personer i et møte
Guro Berge og Vibeke Devold Valderhaug presenterte årsmeldinga på det administrative styremøtet. (Foto: Skjermdump)

 

God lesing!

Med helsing frå Seksjon for forsking og innovasjon, Seksjon for utdanning og kompetanse og Seksjon for kliniske studiar