Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

NORDSTEN-studien tildelt prestisjetung pris

International Society for the Study of the Lumbar Spine (ISSLS) er ein av dei mest vitskapeleg anerkjente ryggforskingsorganisasjonane i verda. No har dei gitt ein pris på 250,000 kroner til NORDSTEN-studien basert på ein av dei siste publiserte artiklane deira.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 22.01.2025
Sist oppdatert 03.02.2025
En mann med briller
Forskar Erland Hermansen er prosjektleiar i NORDSTEN.

Prosjektleiar Erland Hermansen ved Ålesund sjukehus er svært glad for tildelinga.

 – Dette er veldig prestisjefylt. ISSLS er ein vitskapeleg anerkjent forskingsorganisasjon. Berre éin nordmann er tildelt denne prisen tidlegare, så vidt eg veit. Tildelinga betyr at studiane og funna våre vil få stor merksemd, seier han.

Topprangert tidsskrift

Artikkelen vil bli publisert som «ISSLS Award Winner» i European Spine Journal, som er eit av dei tre høgaste rangerte vitskapelege tidsskrifter innan ryggforsking. I tillegg skal Hermansen, saman med nokre av medforfattarane, presentere studien under ISSLS-kongressen i Atlanta i USA i mai. Erlandsen fortel at kongressen tiltrekkjer seg mange av verdas leiande forskarar innan ryggforsking.

 – Desse tildelingane er gjerne dei mest populære presentasjonane, då dei er kjent for å ha eit høgt vitskapeleg nivå. Slike tildelingar får òg mykje merkesemd innan fagmiljøa både nasjonalt og internasjonalt fordi den viser at kvaliteten på studien er veldig høg. Det er også eit betydeleg beløp knytt til denne prisen, som vi vil bruke for å dekke utgifter til kongressar, publikasjonar og anna.

Skånsam kirurgi 

NORDSTEN-studien har publisert om lag 35 artiklar dei siste åra. Tildelinga av prisen er basert på ein av dei siste publikasjonane, A randomized trial on three different minimally invasive decompression techniques for lumbar spinal stenosis. Five years follow-up from the NORDSTEN-SST.

 – I den har vi funne at dei kliniske resultata etter fem år etter tre forskjellige operasjonsteknikkar for lumbal spinal stenose er heilt like. Dette er viktig fordi ein då kan trygt forsvare å gjere den metoden som er mest skånsam for pasienten, noko som gjer operasjonen mindre invasiv og minkar risikoen for komplikasjonar på sikt, forklarer Hermansen.

 – Ved skånsam kirurgi går også liggetida på sjukehuset ned. Det unike med studien vår er den lange oppfølgingstida og den store mengda inkluderte pasientar, noko som styrkar dei vitskapelege funna og konklusjonane.

Les også: Stor nasjonal ryggstudie leia frå Ålesund viser mykje overbehandling

Takkar kollegaer

Hermansen legg til at denne prisen vil ytterlegare støtte opp om NORDSTEN-studien som ein av verdas mest solide ryggkirurgiske studiar for lumbal spinal stenose.

– Eg, og dermed Helse Møre og Romsdal, har vore tungt inne i dei fleste aspektane i denne studien, og vi har hatt eit stort ansvar og involvering heilt frå starten. Anniken Remseth, Bodil Røyseth og Jørn Ståle Aaen har også vore involvert i det vitskapelege og administrative ansvaret. Til slutt vil eg legge til at vi har fått eineståande hjelp med det statistiske arbeidet frå Tor Åge Myklebust opp gjennom dei siste åra.

Les lista over vinnarar hos ISSLS her.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!