Forskingsnyheiter
Ny forsking viser varig effekt av 4-dagarsbehandling mot panikkliding
Ein ny studie frå Helse Møre og Romsdal undersøkjer langtidseffektane av 4-dagars behandling for panikkliding. Forskarar slår fast at forbetringa til pasientane haldt fram over tid. Studien viser òg ein markant reduksjon i symptom på depresjon og angst.

Thorsten Olsen Eide er psykolog ved Knausensenteret i Molde og ph.d.-kandidat. Han forskar på ei intens form for kognitiv åtferdsterapi mot panikklidingar, kalla «The Bergen 4-day treatment» (B4DT), som gir pasientar behandling over fire påfølgjande dagar. Han er førsteforfattar av artikkelen som nyleg har blitt publisert i BMC Psychiatry. Den er den andre i doktorgradsløpet hans, og tek føre seg ein studie som er utført ved Førde DPS.
– Funna i studien indikerer at nesten 83 prosent av deltakarane opprettheld betring av symptoma sine 12 månadar etter dei fekk behandling med B4DT. I tillegg viser studien en stor reduksjon i symptom på depresjon og angst, seier Eide.
Han legg til at funna i studien er både overraskande og forventande.
– Det er overraskande kor effektiv behandlinga er også ved langtids oppfølging. Det er spesielt gledeleg at pasientane si forbetring varte sopass lenge etter behandlinga.
Les også: Korleis behandle panikkliding på berre fire dagar
Innført som standarbehandling
På bakgrunn av desse resultata er B4DT no innført som standarbehandling i Helse Møre og Romsdal for pasientar med – ikkje berre panikkliding – men òg sosial angstliding og OCD.

Det unike behandlingstilbodet legg særleg vekt på intensjonsfokus i det terapeutiske arbeidet for å fremje rask og varig symptomlindring. I behandlinga får pasienten eit skreddarsydd eksponeringsopplegg der dei øver på å oppsøke situasjonar eller aktivitetar som ofte skaper angst eller redsel. Dette gjerast med mål om å møte desse situasjonane på ein ny og ufarleggjerande måte.
Eide si forsking er ein del av forskingsgruppa for OCD og angstlidingar, og samarbeider med Bergen Center for Brain Plasticity ved Haukeland universitetssjukehus.
– Forskinga styrkar det vitskapelege fundamentet i behandlingsarbeid i spesialisthelsetenesta og gir pasientane tilgang til effektive behandlingar som kan gjere ein stor forskjell i kvardagen, forklarer Eide.
Tre viktige faktorar
Forskingsgruppeleiar Kristen Hagen fortel at metoden kombinerer det beste frå både individuell og gruppebasert terapi. Han trekk fram tre faktorar til kvifor behandlinga ser ut til å vere så vellukka.
– Det første er eit strukturert og intensivt format. Behandlinga er konsentrert over tid, noko som gir pasientane anledning til å halde fokus og jobbe målretta med problematikken utan lange opphald mellom øktene. Den andre er kombinasjonen av individuell og felles læring der gruppa skaper ei viktig kjensle av fellesskap og støtte. Samstundes blir den enkelte sitt unike behov ivaretatt, sidan kvar pasient jobbar konkret og målretta med sin eigen angstproblematikk. Den tredje faktoren er tett fagleg oppfølging. Det sterke fagmiljøet og bruk av evidensbaserte teknikkar gjer at pasientane opplever god støtte og tydelege rammer, noko som bidreg til større tryggleik og raskare meistring, forklarar Hagen.
Vegen vidare
Eide fortel at den neste studien i doktorgradløpet hans er gjennomført ved Molde DPS og akseptert for publisering.
Hagen er i gong med planlegginga av årets Korttidsterapikongress som skal gå av stabelen i Oslo i september. Fyrste gong denne blei haldt var i fjor, og Hagen var ein av arrangørane saman med professor og psykologispesialist Bjarne Hansen. Hansen er òg direktør ved Bergen Center for Brain Plasticity. Ideen for kongressen kom etter stor og aukande interesse for korttidsterapi. Hagen og Hansen seier at målet var å få på plass arrangementet som ei årleg hending.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram.