Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter, forskingsprosjekt

Nytt forskingsprosjekt med fokus på å redusere svangerskapsforgifting

Rekrutteringa er no i gong til forskingsprosjektet PRERISK, som skal kartlegge biologiske endringar hos gravide med auka risiko for svangerskapsforgifting. Alle førstegongsfødande som skal til tidlig ultralyd får tilbod om å bli med. Studien blir gjennomført ved Kvinneklinikkane ved Ålesund sjukehus og St. Olavs.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 04.06.2024
Gravid kvinne får ultralydsundersøkelse
Oda Johanne Osvik er første kvinne som er med i studien. Her får ho ein ultralydsundersøking frå overlege og forskar Åse Turid Rossevatn Svoren. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

Forskar og overlege på Ålesund sjukehus, Åse Turid Rossevatn Svoren, håpar at studien kan bidra til ei betre sjukdomsforståing, og at dei på sikt kan føreseie, førebygge og behandle tilstanden på ein betre måte.

- Vi ønsker å kartlegge biologiske endringar i svangerskapet for gravide ved høg risiko for svangerskapsforgifting, og sjå på korleis blodfortynnande medisinar påverkar desse endringane.

Forsking viser at slike medisinar kan førebygge, og til og med halvere risikoen for å få sjukdomen. Men metoden er foreløpig ikkje innført i Noreg.

Svoren som gir ultralydundersøkelse
Åse Turid Rossevatn Svoren håper studien kan bidra til å redusere framtidig risiko for svangerskapsforgifting. Før biletet blei tatt, blei sensitive pasientopplysingar fjerna frå skjermen. (Foto: Ann-Kristin H. Maridal/HMR)

I løpet av studien håpar Svoren at dei kan rekruttere rundt 500 kvinner. Dei gravide får tilbod om tidleg ultralyd, det blir tatt prøver av blod og urin pluss ei måling av blodstraumen til livmora. Sjukdomshistoria til kvinnene blir kartlagt, og dei med høg risiko blir følgt tett gjennom svangerskapet. Etter fødsel blir det tatt prøve av morkaka.

Forskarane skal òg følgje normale svangerskap som ei kontrollgruppe.

Første deltakar

Oda Johanne Osvik er den første deltakaren. Ho jobbar sjølv på Ålesund sjukehus og fortel at ho fekk ein telefon frå Svoren med ei oppmoding om å bli med i forskingsprosjektet.

- Eg fekk god informasjon og forklaring på kva studien går ut på. Det å stille opp på forsking er både spennande og viktig, og som gravid får eg no ekstra oppfølging og det gir meg tryggleik, seier Osvik.

Fortsatt ei helsegåte

Teikn på svangerskapsforgifting er høgt blodtrykk og protein i urinen. Sjukdomsutviklinga påverkar både mor og foster, og gir endringar i immunforsvar, blodsystem og morkake.

- Årsaka til svangerskapsforgifting er samansett og ikkje fullstendig kjent, men vi veit at det har med endringar i immunforsvaret å gjere, forklarer Svoren.

I Noreg er det rundt 2-5% av alle gravide som blir ramma. Globalt er tala mykje høgare.

- På verdsbasis er det 600 000 gravide kvinner som utviklar svangerskapsforgifting årleg, og meir enn 50 000 kvinner dør. I Noreg er risikoen for å døy svært liten, men nokre kvinner kan bli alvorleg sjuke. Mange born blir då født for tidleg då den einaste sikre behandlinga er forløysing av barnet og morkaka, seier Svoren.

Førstegongsfødande har høgare risiko. Sjukdomen er meir alvorleg dess tidlegare i svangerskapet den oppstår.

Alle førstegongsfødande ved Ålesund sjukehus og St. Olavs får informasjon om denne studien.

- På sikt er håpet å kunne førebygge og behandle sjukdommen, også globalt, avsluttar Svoren.

Kan du tenke deg å blir med i denne studien? Då kan du finne meir informasjon og lenke til samtykkeskjema på denne sida.